Koronavirus – rettleiar for behandling av saker om økonomisk stønad under pandemien

Arbeids- og velferdsdirektoratet og Fylkesmannen i Trøndelag har i samarbeid utarbeida ein rettleiar for handsaming av saker om økonomisk stønad i unntakstilstanden som skuldas koronavirus

På grunn av pandemien og stor pågang hos NAV må ressursane brukas mest mogeleg effektivt, samtidig som lova fortsett skal følges. Alle tenester skal være forsvarlege, sjølv om situasjonen er krevende. Kravet til forsvarlege tenester er dynamisk og må tilpassast forholda i samfunnet.

NAV-kontora kan ta fleire grep for å redusere arbeidsbelastninga og fortsett gi forsvarlege tenester i dagens situasjon.  

Den nye rettleiaren gir tilrådingar for kva som vil være godkjent praksis i situasjonen vi er inne i no. Innhaldet i tilrådingane ligg innanfor dagens regelverk. 

Rettleiaren skal være et praktisk verktøy for å hjelpe tilsette ved NAV-kontora med å ta i vare retten til økonomisk stønad, og gjeld frå  23. mars 2020 og frem til 31. oktober 2020, eller til Arbeids- og velferdsdirektoratet gir anna informasjon. 

Rettleiaren er digital, og det vil bli gjort fortløpande endringar ved behov. Sjå lenke til denne til høgre