Udir foreslår tiltak for å sikre ei god gjennomføring av eksamen

En person skriver i en helt ubrukt skrivebok.
Utdanningsdirektoratet (Udir) arbeider i lag med fylkeskommunar og kommunar for å finne gode løysingar for å hindre at elevar bruker KI på skriftleg eksamen. Foto: ScanStockPhoto.

Den raske utviklinga av kunstig intelligens skaper nye utfordringar for å gjennomføre eksamen i skolen. Udir foreslår fleire konkrete tiltak for våreksamen 2024, og større endringar i eksamensordninga for dei neste åra.

Publisert 14.02.2024

Stadig meir avanserte hjelpemiddel, både med og utan Internett, gjer det krevjande å sikre at eksamen er trygg og rettferdig.

Arbeider i lag med skuleeigarane

Utdanningsdirektoratet (Udir) arbeider i lag med fylkeskommunar og kommunar for å finne gode løysingar for å hindre at elevar bruker KI på skriftleg eksamen.

– Dei aller fleste elever prøver ikkje å jukse på eksamen. Vi kan likevel ikkje utelukke at enkelte elever vil prøve å jukse ved hjelp av KI-verktøy. Av omsyn til det store fleirtalet som følgjer reglane, gjer vi konkrete tiltak for å sikre ein så god, trygg og rettferdig eksamen som mogleg, seier Morten Rosenkvist, direktør i Utdanningsdirektoratet i ei pressemelding.

Kjem med anbefalingar

Udir har vurdert risiko og kjem no med anbefalingar for korleis eksamen bør bli gjennomført. Anbefalingane er basert på en risikovurdering i alle fylkeskommunar og kommunar hausten 2023.

Tysdag 13. februar var Utdanningsforbundet, Lektorlaget, Elevorganisasjonen, Skoleleiarforbundet, Skolenes Landsforbund og KS samla i møte hos Utdanningsdirektoratet. Partane diskuterte også korleis ein kan arbeide vidare i lag for ein god gjennomføring av eksamen. Dei fekk også informasjon om vurderingane og anbefalingane Udir har gjort. 

Udir foreslår mellom anna:

  • Auka vakthald og kontroll
  • Færre tillatne hjelpemiddel
  • Stengt nett og ordbøker offline
  • Tekniske forbetringar

Udir seier også at fleire tiltak er aktuelle for 2025 og framover.

Dette er eit utdrag og sitat frå Utdanningsdirektoraret sin nettside, omsett til nynorsk. Les heile saka: Udir foreslår tiltak for å sikre en god gjennomføring av eksamen | udir.no