Når kan du klage til Fylkesmannen?

 

Sei frå til ein vaksen på skulen

Dersom du ikkje har det bra på skolen, bør du eller foreldra dine gi beskjed til ein vaksen på skulen. Dette kan vere kontaktlæraren din eller rektor. Skolen ved rektor skal ta deg på alvor og raskt ta tak i saka.

Det betyr at innan det har gått ei veke, fem skoledagar, skal rektor eller ein annan vaksen ved skolen ta kontakt med deg og/eller foreldra dine. Du skal få vete kva skolen har tenkt å gjere for at du skal få det bra på skolen.

 

Dersom skulen ikkje tek deg på alvor

Dersom du eller foreldra dine opplever at skolen ikkje tek det du seier på alvor og ikkje gjer noko med saka, kan du eller foreldra dine ta kontakt med Fylkesmannen.

Det betyr at du eller foreldra dine kan ta kontakt med Fylkesmannen når:

  • du eller foreldra dine har tatt opp saka med rektor
  • det har gått meir enn ei veke (fem skoledagar) sidan saka vart tatt opp med rektor
  • du eller foreldra dine ikkje er fornøgd med korleis skolen følgjer opp saka di

 Tilbake

  

Kjelder:

nullmobbing.no
Rundskriv Udir - 3 - 2017