Urovekkjande høgt tap av matproduserande areal i Møre og Romsdal

- KOSTRA-tal viser mindre tap av matproduserande areal i Møre og Romsdal i 2015 samanlikna med 2014. Men framleis er vi det fjerde største fylket i landet i høve omdisponering av dyrka mark, og ut i frå det begrensa arealet ein har i Møre og Romsdal er resultatet for 2015 urovekkjande.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.07.2016

Det seier landbruksdirektør Frank Madsøy hos Fylkesmannen i ein kommentar til KOSTRA-tala som viser at det for 2015 vart omdisponert i alt 616 daa jordbruksareal, fordelt på 403 daa dyrka jord og 212 daa dyrkbar jord. Kommunane i Møre og Romsdal ligg framleis i landstoppen når det gjeld omdisponering av dyrka mark gjennom einskildsaker etter jordlova og dispensasjon etter plan- og bygningslova, og det er særleg rundt bygdebyane og i kystregionen avgangen er størst. Blant topp 20-lista over kommunane som bygde ned mest matjord i Noreg 2015, finn vi i vårt fylke Herøy kommune på ein 11. plass med totalt tap på 122 daa dyrka mark.

I Møre og Romsdal gjekk det i fjor tapt dyrka og dyrkbar jord tilsvarande 88 fotballbaner med ein storleik på Ullevall stadion (ca. 7 daa). Dersom ein tek utgangspunkt i at kvar ku treng mat frå ca. 8-12 daa dyrka mark for å gi om lag 7200 liter mjølk i året, så gikk det i 2015 tapt areal som kunne produsert ca. 440 000 liter mjølk i året i Møre og Romsdal.

Stortinget vedtok i desember 2015 at omdisponeringa av jordbruksareala til andre formål skal reduserast til maksimum 4 000 dekar årleg innan 2020.  Regjeringa har utarbeida ein jordvernstrategi, der verdien av god arealplanlegging gjennom plan- og bygningslova vert vektlagt. Det er kommunane som har hovudansvaret for å ta vare på jordressursane gjennom si forvaltning etter plan- og bygningslova og jordlova.

Landbruksdirektoratet skriv, i si vurdering av fjorårets omdisponeringstal, at for å nå jordvernmålsetinga er det viktig at kommunane tek ansvar i si arealplanlegging, og reduserer nedbygginga av jordbruksareal så mykje som mogleg. Då blir det viktig at utbyggingsområda får ein effektiv og kompakt arealutnytting, og at kommunane søkjer etter andre alternativ å bygge på enn jordbruksareal. Skal ein sikre forutsetningar for å produsere maten vi treng i framtida, og å oppretthalde grunnlaget for landbruksbasert næringsdrift rundt om i landet, er det viktig at vi tek vare på den beste matjorda vi har igjen. Dei matproduserande areala vil spele ein stadig viktigare rolle i det grøne skiftet og ein framtidig bioøkonomi, og er ein samfunnsinteresse som må tilleggast betydelig vekt, avsluttar Landbruksdirektoratet .

Sjå meir på nyheitsartikelen Økt omdisponering av jordbruksarealer i 2015 frå Landbruksdirektoratet.