Beredskap

Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, men når samfunnet blir råka av ei stor hending eller krise, må vi ha ein plan for korleis vi skal handtere situasjonen. Vi treng planar for krisehandtering, og vi må øve på krisesituasjonar i tråd med desse planane. Alle aktørar på sentralt, regionalt og lokalt nivå har ansvar for både å planlegge og øve. 

I tillegg til å øve eigen kriseorganisasjon, har Fylkesmannen ansvar for jamleg å øve kriseleiinga i kommunane. Fylkesmannen skal dessutan vere ein pådrivar for øvingar som involverer andre regionale fagetatar, som til dømes Forsvaret. 

Beredskap er ein viktig del av samfunnsplanlegginga

Ei anna viktig oppgåve for Fylkesmannen er å sjå til at vi i samfunnsplanlegginga tek beredskapsomsyn, og at kommunane har eigne kriseplanar. 

Fylkesmannen skal koordinere den regionale atomberedskapen og medverke til at regionale og lokale etatar utviklar planar for å kunne handtere ei atomulykke. Her er det Statens strålevern som er nasjonal fagetat.

Du er også ein del av Noregs beredskap

Dersom straumen blir vekke eller du blir isolert av veret, bør du vere rusta til å klare deg sjølv i nokre dagar. Styresmaktene ber oss difor vurdere risiko og sårbarheit i eigen heim. Du bør tenke gjennom kva som kan skje, kva konsekvensar det kan få, og korleis nettopp din familie kan handtere det. Finn gjerne også ut kven som kan trenge di hjelp og korleis du kan bidra. Dei grunnleggande behova dei tre første døgna av ei krise er varme, mat, drikke, legemiddel, hygiene og tilgang til informasjon. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å komme helt i mål. Her får du gode idear til kva som bør vere på plass i ditt eige beredskapslager.

Vis meir


24.09.2018

Det blir svært fuktig i Ryfylke natt til onsdag

Mellom 40 og 60 millimeter nedbør på seks timar i Ryfylke natt til onsdag, melder Meteorologisk institutt i dag. Lokalt kan det komma opp mot 100 millimeter i døgnet.


21.09.2018

Nesten ekstremvêr i Rogaland

Rogaland og Agder vil få sterkare vind enn tidlegare varsla, men slepp såvidt unna å bli definert som ekstremvêr.


30.07.2018

Varslar styrtregn i Rogaland

Etter lang tids tørke kjem regnet. Og når det først kjem, så kjem det i bøtter og spann.


27.06.2018

Fylkesberedskapsrådet: FylkesROS og totalforsvaret

FylkesROS og totalforsvaret var tema på møte i Fylkesberedskapsrådet 12. juni 2018


19.12.2017

Fylkesberedskapsrådet: Atomberedskap og totalforsvar

Fleire og fleire skip med atomreaktor langs norskekysten. Vekst i talet på kjernekraftverk. Det er all grunn til å ta atomberedskapen alvorleg, var bodskapen til Statens strålevern under møtet i Fylkesberedskapsrådet 5. desember. 


20.03.2017

ROS og beredskapsplanlegging i skolar og barnehagar

Nasjonalt utdanningssenter for samfunnssikkerheit og beredskap (NUSB), i samarbeid med Kunnskapsdepartementet, innbyr til kurset  ROS og beredskapsplanlegging for skolar og barnehagar.  Kurset er ved NUSB i Heggedal, Asker den 24.-26. april 2017

Les meir


26.01.2017

Ny ordning for naturskadeerstatning

Ved årsskiftet vart ei ny lov om erstatning for naturskader sett i kraft. Det er gjort endringar i måten å søkje om erstatning. Søknader skal no sendast til Landbruksdirektoratet.


09.12.2016

Eit politi i endring

Han har møtt politisk og administrativ leiing i 29 av dei 32 kommunane i politidistriktet så langt. Tysdag 6. desember orienterte politimeister Hans Vik fylkesberedskapsrådet om kor langt Sør-Vest politidistrikt har kome i organiseringa av det nye distriktet.


29.09.2016

NVE: Flaumvarsel på oransje nivå i Sauda, Suldal og Hjelmeland

Eit nytt lågtrykk har kome over Vestlandet og Rogaland. Dette kan føra til lokalt mykje regn. NVE har i dag oppgradert flaumvarselet til oransje nivå for tre rogalandskommunar. 


07.08.2016

Flaum- og jordskredfare i Rogaland

Fleire stader er det venta 60-80 millimeter nedbør. Lokalt kan det komma opp i heile 120 millimeter. 


Fleire nyhende