Oransje farevarsel om svært kraftige vindkast i delar av Rogaland og Agder

Eit stormsenter som nå ligg vest for Island, blir gjennom dagen forsterka og legg seg over Sør-Noreg midt på dagen torsdag. 

Publisert 20.12.2023

Dette lagtrykket gir svært kraftige vindkast i Rogaland og vest i Agder torsdag ettermiddag og kveld. På kysten er det venta sterk storm. Natt til fredag har stormsenteret flytta seg til Østersjøområdet og vinden kjem gradvis til å minka.

Svært kraftige vindkast frå nordvest 

Torsdag ettermiddag og kveld er det venta svært kraftige vindkast frå nordvest på 33–42 m/s i delar av Rogaland og vest i Agder. Dei kraftigaste vindkasta kjem nær kysten. 

  • For sørlege delar av Vestland, inste delar av Rogaland og delar av Agder er det venta vindkast på gult nivå.
  • I sørlege delar av Vestland og inste delar av Rogaland kjem det kraftige vindkast på 33-38 m/s enkelte stader, med dei kraftigaste vindkasta nær kysten.

Stormen er venta å minka i løpet av torsdag kveld.

Ved sterk vind er det kasta som gjer mest skade.

Statsforvaltaren kallar inn til møte i ettermiddag

– For å sikra at Rogaland er best mogleg budd på den kraftige vinden, kallar Statsforvaltaren i Rogaland inn kommunane, og utvalde eigarar av viktig infrastruktur, til møte i ettermiddag. Meteorologisk institutt deltar også for å gi oss ei oppdatering, seier fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen. 

Les meir om farevarsel for vind

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.