Ekstremvêret Didrik: Det blir ekstremt høg vasstand

Vågen i Stavanger under ekstremværet Didrik i januar 2020.
Vågen i Stavanger under ekstremværet Didrik i januar 2020. (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)

Det er venta ekstremt høg vasstand natt til onsdag, rekna til 80–90 centimeter over høgda i tidevasstabellane. Varselet er nå på raudt nivå og dermed eit ekstremvarsel som har fått namnet Didrik

Vasstanden er venta å vera på det høgaste mellom klokka 2 og 3 natt til onsdag. Onsdag ettermiddag er også vasstanden høg, estimert til 60–70 centimeter over høgda tidevasstabellane. Vatnet står på det høgaste mellom klokka 13 og 15. 

Kan bli meir alvorleg enn tidlegare hendingar

Dette er ikkje uvanleg. Me hadde liknande situasjonar i både 2017, 2013 og 2007. Men denne gongen viser prognosane at det kan bli meir alvorleg.

– Nå har me hatt forholdsvis god tid til å førebu oss og redda unna ting. Me har varsla alle kommunane og bede dei gjera nødvendige tiltak, seier fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen. 

Kva må du gjera?

Dei som har båtar, naust og hus i sjøkanten må bu seg. Har du lause gjenstandar som ligg utsett til, er det lurt å sikra desse snarast.

Fylkesmannen i Rogaland hadde telefonmøte med dei fleste rogalandskommunane i ettermiddag. Inntrykket er at dei er godt budde. Fleire kommunar har viktig informasjon på nettsidene og/eller Facebook-sidene sine.