Svært høg vasstand natt til onsdag. Fare for oversvømmingar

I januar 2017 var det så høg vasstand at vatnet gjekk over kaikanten i Vågen i Stavanger
I januar 2017 var det så høg vasstand at vatnet gjekk over kaikanten i Vågen i Stavanger (Foto: Gry Evensen / Fylkesmannen i Rogaland)

Det er varsla høg vasstand i Rogaland natt til onsdag. Varselet er på oransje nivå, som er det nest høgaste og betyr stor fare

Varselet gjeld heile vestlandskysten og Sørlandet.

– Det blir mykje vatn. Men det er framleis usikkert kor store konsekvensar dette får i Rogaland, seier assisterande fylkesberedskapssjef Gry Evensen hos Fylkesmannen i Rogaland.

Det er venta ein vasstand som er estimert til 65–80 centimeter over høgda i tidevasstabellane. Vatnet står høgast natt til onsdag mellom klokka 01 og 03, men det blir også høg vasstand onsdag ettermiddag.

Kva kan me venta oss i Rogaland?

Dersom varselet slår til, blir det høgare vasstand enn det var i både 2017, 2013 og 2007. Alle desse gongene gjekk til dømes vatnet over kaikanten i Vågen i Stavanger.

Når det likevel er vanskeleg å slå fast alt nå kor alvorleg situasjonen kan bli, er det fordi det framleis er litt usikkert  når og kor lågtrykket treffer Rogaland.

Kva bør me gjera?

– Dei områda som er utsette for bølger må vera særleg merksame. Dei som har båtar, naust og hus i sjøkanten må bu seg. Har du lause gjenstandar som ligg utsett til, er det lurt å sikra desse snarast, seier Evensen.