Stormen "Otto" kjem fredag ettermiddag. Farevarsel på oransje nivå i delar av Rogaland

Meteorologisk Institutt har sendt ut farevarsel om svært kraftige vindkast på oransje nivå for Sunnhordland og ytre delar av Rogaland fredag ettermiddag. Kva bør me gjera? 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.02.2023

Fest alle lause gjenstandar. Unngå ferdsel på utsette stader. Dersom du må ut, må du ta høgde for ekstra tid til transport og køyring. Vis særleg aktsemd ved ferdsel i strandsona og på sjøen.

Når står vinden på som verst?

Vinden blir kraftigast mellom kl. 14.00–19.00 – og spesielt kraftig mellom kl. 16.00–18.00. Det er venta lokalt svært kraftige vindkast mellom 35–40 m/s frå nordvest. Vinder aukar først i sør.

– Vindstyrken kan komma veldig brått på oss og den kan bli både sterkare og svakere enn prognosane fortel oss nå. Blir det sterkare vind, er det små marginar før det blir varsel på raudt nivå, og dermed definert som ekstremvêr, seier fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen. 

Ikkje definert som ekstremêr med eige namn her i Noreg

Danmark har gitt dette vêret namnet "Otto", men dei har andre kriterium for oransje og raude varsel. Prognosane tyder på at vinden blir like sterk Rogaland som i Danmark.

Kor i Rogaland kjem vinden til å merkast mest? 

Det kjem til å blåsa mest langs kysten. Heile kyststripa i Rogaland blir berørt. I indre delar av Rogaland blir det også kraftige vindkast, men litt svakare enn langs kysten. Prognosane seier 27–30 m/s, noko som tilsvarer gult farenivå.

Kva med utfarten fredag ettermiddag?

Ja, fredag ettermiddag og kveld er ei tid der mange drar på tur. Det er viktig å vera merksam på at ferjer kan bli innstilte og at kjøreforholda generelt kan bli svært krevjande, med eventuelt stengde bruer, tre som kan blåsa over vegen. 

Statsforvaltaren tilrår derfor at de som skal på tur utset turen til vêret lettar. Det er også større risiko for kortare straumbrot når vinden blir så sterk.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.