Noregs nest største militærøving i Rogaland og Agder

Biletet viser to heimevernsoldatar som står på vakt ved eit industrianlegg
Over 4 200 heimevernsoldatar deltar i Øving Jøssing. Foto: Tore Ellingsen / HV-08.

6.–24. mars gjennomfører Agder og Rogaland heimevernsdistrikt 08 den nest største militærøvinga i landet. Øvingsområdet blir heile Agder og Rogaland. Over 4 200 soldatar deltar dei tre vekene.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.03.2023

Distriktssjef for HV-08, oberstløytnant Øystein Nilsen, har kalla øvinga for Jøssing.

– Namnet Jøssing stammar frå andre verdskrigen og Altmark-operasjonen i Jøssingfjorden. Nasjonal Samling brukte jøssing som skjellsord for nordmenn som var britiskvennlege. Folk flest i Noreg tok dette namnet til seg, og det blei fort eit uttrykk for gode nordmenn, fortel Nilsen.

Militær trafikk og støy

Frå 6.–24. mars blir det feltøving, der avdelingane skal trena på å løysa oppdrag innan primærfunksjonane sine. Det blir militær trafikk på enkelte vegar. Lausammunisjon og lysrakettar blir brukt og ein må rekna med noko støy heile døgeret.

– Øvinga er koordinert med politiet, og HV-soldatane blir lett kjennelege i norsk uniform. Annan mistenkeleg aktivitet skal som vanleg varslast politiet, seier Øystein Nilsen.

Mange aktørar er involverte i øvinga

I tillegg til Forsvaret skal mange aktørar, som politiet, statsforvaltarane, Sivilforsvaret, Agder Energi, Bane Nor, Helse Stavanger, Sørlandet sykehus, Avinor, Kystverket, Sira-Kvina og mange kommunar vera involverte.

Øvinga er planlagt i over eitt år og har ingen direkte samanheng med sikkerheitssituasjonen i Europa.

– Me starta planlegginga lenge før offensiven braut ut i Ukraina. Men på grunn av utviklinga i krigen, måtte me heva trusselnivået i øvinga. Det viktigaste for meg er at øvinga er relevant – og at det me trener på er noko konkret me kan ha nytte av seinare, informerer oberstløytnant Nilsen.

Ein del av storøving i Troms

Øving Jøssing er i tillegg ein del av øving Joint Viking som går føre seg i Troms. Her øver 20 000 norske og allierte soldatar på å forsvare landet vårt. For at Forsvaret skal vera i stand til å forsvara landet vårt, må det øvast jamleg.

Heimevernet sine hovudoppgåver:

  • HV bidrar til nasjonal krisehandtering
  • HV gjennomfører vakthald og sikring av viktige militære og sivile objekt
  • HV støttar det sivile samfunnet, mellom anna med bistand til politiet

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.