Ekstremværet Elsa: Varsel på raudt og oransje nivå

Vågen i Stavanger under ekstremværet Didrik i januar 2020.
Vågen i Stavanger under ekstremværet Didrik i januar 2020. (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)
Meteorologisk instititutt har nå stadfesta at dei varslar raudt nivå for vasstand måndag kveld og natt til tysdag. Det er i tillegg oransje farevarsel for måndag førmiddag. Kva betyr dette for oss?

Oppdatert 10. februar kl. 15.00:

Fylkesmannen i Rogaland arrangerte i ettermiddag ein videokonferansen med kommunane i fylket og regionale etatar.
 
sehavniva.no ser me nå ein prognose der vasstanden kan komma opp i 190 centimeter rett før midnatt. Det høgaste som har vore observert ved målepunktet i Stavanger er 182 centimeter. 
 
- Det mest sannsynlege er mellom 177 og 190 centimeter. Det betyr uansett godt over "Didrik" i januar og me må vera budde på rekordnivå, seier assisterande fylkesberedskapssjef Gry Evensen.
 
Heldigvis har kommunane dei siste åra gjort gode, førebyggande tiltak, slik at høgt havnivå gjer mindre skade i dag enn tidlegare.
 
 
----------------
 

Oppdatert 9. februar kl. 17.30:

 
Oransje farevarsel er ikkje ekstremt, men har potensiale til å gi skadar i Rogaland i område som er utsette. Per nå ser det ut som vasstanden skal ligga rundt 156 centimeter over sjøkartnull mellom kl. 11.00 og 12.00 i morgon føremiddag. Det er omlag 10 centimeter under "Didrik" for ein månad sidan.

Måndag kveld og natt til tysdag

Raudt farevarsel: Natt til tysdag er det venta ekstremt høg vasstand, estimert 80-100 cm over høgda oppgitt i tidevasstabellane (for Stavanger viser tidevasstabellen 97 cm på dette tidspunktet).
 
sehavniva.no ser me nå ein prognose der vasstanden kan komma opp i over 190 centimeter rett før midnatt. Me minner om at det høgaste som har vore observert ved målepunktet i Stavanger er 182 centimeter.
 
Fylkesmannen er i dialog med Værvarslinga på Vestlandet og kjem tilbake med oppdatert og stadfest informasjon når denne er klar.

Kva må folk gjera?

Det er viktig at kommunane følgjer med og sikrar område som kan vera utsette.
 
– Folk må sikra eigedelane sine som eventuelt ligg i sjøkanten, seier assisterande fylkesberedskapssjef Gry Evensen hos Fylkesmannen i Rogaland. 
 
Vindretninga måndag er i hovudsak vestleg, med varierande styrke. 
 
Mer informasjon om tidevatn og vasstand finn du på sehavniva.no