Samfunnstryggleik og beredskap

Alle har eit ansvar for å førebyggje uønskte hendingar og kriser, og å handtere dei viss dei likevel skjer. Vi må ta førebyggjande omsyn i alt frå arealplanlegging i kommunane til HMS-tiltak på den enkelte arbeidsplassen.

Fylkesmannen er eit bindeledd mellom sentrale og lokale styresmakter, og har ei sjølvstendig rolle som pådrivar og rettleiar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.

I ein krisesituasjon er politiet, den ansvarlege fagetaten eller kommunen den viktigaste informasjonskjelda til innbyggjarane. Fylkesmannen kan i ein del tilfelle ta eit samordningsansvar for krisehandteringa på regionalt nivå, for å sikre gode og samordna løysingar mellom aktørane. Fylkesberedskapsrådet er eit viktig forum for å ivareta samordningsansvaret. Rådet er samansett av sentrale offentlege beredskapsaktørar og frivillige og private organisasjonar. 

Vis meir


11.08.2018

Melding om nedsdetting til gult farenivå for Veslemannen i Romsdalen

NVE beslutta i dag kl 14.25 å senke farenivå for Veslemannen til gult.


10.08.2018

Heving til ekstrem/rødt farenivå ved Veslemannen i Romsdalen

NVE heva i dag kl. 17.01 farenivået til rødt for Veslemannen. Politiet iverkset difor evakuering. Rauma kommune er forberedt på å ta imot evakuerte frå området som skal sikrast.


10.08.2018

Høyt (oransje) farenivå for Veslemannen i Romsdalen

NVE heva i dag kl. 08:40 farenivået for Veslemannen i Romsdalen til høyt/oransje farenivå. Fylkesmannen følgjer situasjonen nøye, og kallar i dag Fylkesberedskapsrådet inn til eit telefonmøte kl. 14:00 for å gå igjennom situasjonen.


06.07.2018

Økene skogbrannfare

- Sol, varme og vind slik vi nå har hatt over lang tid, gjør faren spesielt stor. Tørkeskadet vegetasjon bidrar til brannfare langt over normalen. Selv om det enkelte steder har kommet nedbør, vedvarer faren for brann da vegetasjonen tørker raskt opp i fint vær, sier brannsjef Geir Thorsen ved Møre og Romsdal 110-sentral KF


22.06.2018

Nato-øvelsen Trident Juncture 2018

I perioden 25. oktober til 7. november gjennomføres den store NATO-øvelsen Trident Juncture 2018. Øvelsen er den største på flere tiår og har vært planlagt i flere år. Rundt 40000 soldater, 130 fly, 60 fartøyer og over 30 deltakende land vil øve.


12.06.2018

Fagsamling kommunale beredskapsmedarbeidarar i Kristiansund i juni 2018

Fylkesmannen arrangerte fagsamling for kommunale beredskapsmedarbeidarar i Kristiansund 6. og 7. juni 2018.


05.04.2018

NVE si vårflaumanalyse mars 2018

Fare for vårflaum på oransje nivå i delar av fylke


15.11.2017

Grønt farenivå for Veslemannen

NVE har beslutta å sette ned farenivået for Veslemannen frå gult til grønt nivå.


19.10.2017

NVE har besluttet å sette ned farenivået til gult for Veslemannen

Hastighetene i fjellpartiet har avtatt, og det er varslet kaldt vær fremover. Det er nå en tydelig trend med reduserte hastigheter, spesielt for den nedre delen. 


15.10.2017

Farenivået for Veslemannen er heva til raudt

NVE har heva farenivået på Veslemannen til raudt, på bakgrunn av økte bevegelsar i fjellpartiet.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel