Samfunnstryggleik i arealplanlegging

Samfunnstryggleik skal vere ein premiss i all planlegging etter plan- og bygningslova.

Plan- og bygningslova set krav til at utbyggingsplanar tar omsyn til risiko og sårbarheit som kan true liv, helse, miljø, viktig infrastruktur og materielle verdiar. Medvit om risiko og sårbarheit tidleg i planprosessen er naudsynt for å kunne førebygge uønska hendingar. Ein risiko- og sårbarheitsanalyse må derfor ligge til grunn for all arealplanlegging. Plan- og bygningslova har desse verkemidla for å ivareta samfunnstryggleik i planlegginga:

  • Arealføremål
  • Omsynssoner
  • Generelle føresegner

Kapittel sju i byggteknisk forskrift (TEK17), og rettleiaren til denne, omhandlar tryggleikskrav ved plassering av byggverk i flaum- og skredfarlege område og unntaksvilkår for flodbølgje som skuldast fjellskred.

Statsforvaltaren har eit generelt ansvar på samfunnstryggleiksområdet, og arbeider for at kommunane følgjer opp samfunnstryggleik i planlegginga. For å sikre dette har Statsforvaltaren moglegheit til å fremje motsegn til planar etter plan- og bygningslova.