Atomulukker og pandemi - nye scenario til FylkesROS

Viser atomkraftverk, atomubåt og munnbind.
Nye scenario for FylkesROS er atomulukker i utlandet, atomulukke i vårt område og ny pandemi.

I 2023 har vi utarbeidd tre nye analysar til FylkesROS Møre og Romsdal. To analysar handlar om atomhendingar med konsekvensar for fylket, og eitt handlar om ny pandemi i nær framtid.

Publisert 21.12.2023

Statsforvaltaren har laga dei nye analysane i samarbeid, og med medverknad frå, regionale og lokale beredskapsaktørar i fylket. I tillegg har Direktoratet for strålevern og atomtryggleik bidrege inn i analysearbeidet av atomulukkene.

Er Møre og Romsdal utsett ved ei atomulukke i Ukraina?

Etter invasjonen av Ukraina i 2022 har atomberedskap fått mykje merksemd. Ukraina har fleire kjernekraftanlegg, og det har vore spesielt mykje merksemd knytt til kjernekraftanlegget i Zaporozjzja.

Fylkesberedskapssjef Stine Sætre seier at dette var ein av grunnane til at Statsforvaltaren valde å inkludere eit scenario i FylkesROS som nettopp omhandlar radioaktivt utslepp frå Zaporozjzja-anlegget med vind mot Noreg. 

– Vi treng kunnskapsauke om atomhendingar. Eit utslepp ved kjernekraftverket i Zaporozjzja vil ikkje føre til akutt fare for folk i Noreg eller i Møre og Romsdal. Det vil til dømes ikkje verte behov for verken råd om innandørsopphald eller inntak av jodtablettar, opplyser fylkesberedskapssjefen.

Les scenarioet: Luftbore utslepp fra atomanlegg i utlandet. pdf (statsforvalteren.no)

Kva om det skjer ei atomulukke i fylket?

Eit anna scenario som no er inkludert i FylkesROS er brann i ein reaktordriven ubåt utanfor Sunnmøre. Dette gjev andre konsekvensar for innbyggjarane i fylket enn eit luftbore utslepp frå Zaporozjzja-anlegget.

– For det første treff dette scenarioet eit mindre område, og for det andre kjem det råd om innandørsopphald og inntak av jod-tablettar i råka område, seier Stine Sætre.

Ho fortel at konsekvensane av ei lokal hending vil treffe oss mykje kjappare enn om hendinga skjer i utlandet. Det korte tidsperspektivet, og rådet om innandørsopphald, gjer beredskapsarbeidet utfordrande i dette scenarioet.

Fylkesberedskapssjefen meiner at spesielt kritiske verksemder og kritiske samfunnsfunksjonar bør inkludere eit scenario i planverket der tilsette vegrar seg for å kome på jobb når dei bur eller arbeider i eit område med råd om innandørsopphald.

– Sjølv om det skal vere trygt å bevege seg ute om ein tek førehandsreglar, kan vi ikkje sjå vekk frå at folk likevel nektar å dra på jobb. Vi bør derfor ha planverk som tek høgde for ein situasjon der tilsette i minst to døgn vegrar seg for å bevege seg ute, seier fylkesberedskapssjefen.

Les scenarioet: Atomulukke frå ubåt. pdf. (statsforvalteren.no)

Er vi klar for ein ny pandemi i nær framtid?

Noreg vil oppleve fleire pandemiar i framtida.

– Med erfaring frå Covid-19 har vi laga eit nytt scenario der Noreg i slutten av 2025 opplev ein ny pandemi som er meir smittsam og dødeleg enn Covid-19, seier fylkesberedskapssjefen.

I tillegg skjer scenarioet i ein heilt anna tryggingspolitisk situasjon. Pandemien, slik den er skildra, gjev oss store utfordringar. Funksjonsevna til fleire kritiske og viktige samfunnsfunksjonar vert vesentleg redusert.

– Scenarioet vil føre til svært store konsekvensar for samfunnet, avsluttar fylkesberedskapssjefen.

Les scenarioet: Pandemi. pdf. (statsforvalteren.no)