Fjellskred

Fjellskred er sjeldne, men har ført til nokre av dei verste naturkatastrofane i Noreg, seinast i Loen i 1905 og 1936 og i Tafjorden i 1934. I Møre og Romsdal er tre fjellparti under døgnkontinuerleg overvaking: Mannen i Rauma kommune, Åkneset i Stranda kommune og Hegguraksla i Norddal kommune.

For alle dei overvaka fjellpartia er det etablert beredskapsplanar som skal sikre evakuering før eit fjellskred råkar. Desse beredskapsplanane er testa i to store nasjonale øvingar i 2007 og 2008 og i tillegg då deler av Mannen stod i fare for å rase ut hausten 2014.

Fylkesmannen, Politiet, kommunane starta i 2014 arbeidet med å revidere beredskapsplanverket for fjellskred i Møre og Romsdal. Revisjonen vert gjennomført i samsvar med rammene som er fastsette i nasjonal beredskapsplan for fjellskred.

Den reviderte planverket vart testa under Øving Åkneset 2016 - ei større samhandlingsøving med fjellskred og flodbølgjescenario.

Faresoner og evakueringssoner er teikna inn i kart på http://www.gislink.no/beredskap/.

For tilgang til karttenesta frå nettbrett og andre enheter kan du nytte denne lenka: http://www.gislink.no/beredskap/index.html.