Møte i Fylkesberedskapsrådet

Torsdag 16. november samla Statsforvaltaren i Møre og Romsdal Fylkesberedskapsrådet til møte i Molde. Tema for møtet var ein endra tryggingspolitisk situasjon.

Publisert 28.11.2023

Den tryggingspolitiske situasjonen i verda påverkar oss

Statsforvaltar Else-May Norderhus har nyleg kome tilbake til embetet etter å ha gjennomført sjefskurs ved høgskulen til Forsvaret. Kurset gjev kunnskap og innsikt i norske forsvars-, utanriks- og tryggingspolitiske faktorar som påverkar det norske totalforsvaret. På bakgrunn av erfaringar frå kurset haldt ho eit innlegg om den tryggingspolitiske situasjonen i verda, og konsekvensar for det norske totalforsvaret.

I innlegget viste statsforvaltaren òg til totalberedskapskommisjonen sin rapport «Nå er det alvor – Rustet for en usikker fremtid» som eit viktig utgangspunkt for drøftinga av arbeidet med totalberedskapen i fylket.

Statsforvaltaren nytta elles høve til å løfte fram eigenberedskapen til innbyggjarane.

 

Rolla til Fylkesberedskapsrådet i Møre og Romsdal

Fylkesberedskapssjef Stine Sætre gjekk gjennom rolla og ansvar til Statsforvaltaren og Fylkesberedskapsrådet (FBR) i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Gjennomgangen vart gjort med utgangspunkt i «Instruks for statsforvalteren og Sysselmesteren på Svalbard sitt arbeid med samfunnssikkerhet, beredskap og krisehåndtering». Rolla til FBR er å:

  • Drøfte relevante samfunnstryggleiks- og beredskapsspørsmål og vere ein arena for oversikt og gjensidige orienteringar
  • Bidra til eit felles risiko- og sårbarheitsbilete og ein felles plattform for planlegging av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid i fylket
  • Vere budd på å støtte Statsforvaltaren sin samordninga av krisehandtering

 

Nye scenario i FylkesROS

Statsforvaltaren har i 2023 saman med regionale og lokale beredskapsaktørar laga utkast til tre nye scenario som skal inn i FylkesROS; to atomscenario og eitt pandemiscenario. Atomscenarioa omfattar brann i atomdriven ubåt utanfor Sunnmørskysten, og luftbore atomutslepp frå Zaporizjzja-anlegget i Ukraina. Pandemiscenarioet omfattar ny pandemi på slutten av 2025 som varer i nesten tre år. Pandemiscenarioet byggjer på erfaringar og evalueringar etter Covid19-pandemien. Scenarioa skal ferdigstillast i 2023, og publiserast på nettsida til Statsforvaltaren.

 

Verksemder må kjenne eigen risiko

PST løfta fram kor viktig det er at verksemder har kjennskap til eigen risiko. Dette kan dei skaffe ved å gjennomføre risikovurderingar der verksemda vurderer eigne verdiar, sårbarheiter og truslar. Vidare er det viktig at vi kjenner til, og nyttar, dei opne nasjonale trusselvurderingane i dette arbeidet. PST trekker fram tre nasjonale trusselvurderingar:

 

Diskusjonsøving

På slutten av møtet vart det gjennomført ein diskusjonsøving med utgangspunkt i ein skjerpa tryggingspolitisk situasjon. Deltakarane vart delt opp i ulike grupper. Til slutt vart det ein felles gjennomgang av kva som vart diskutert i gruppene. Diskusjonspunkt under øvinga var mellom anna;

  • Ansvar og roller
  • Behov for samordning
  • Felles situasjonsforståing, inkludert korleis den enkelte organisasjon kan bidra til felles situasjonsforståing