Rovvilt

Oppdatert 08.04.2024

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 01.02.2016

Erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i Rogaland 2015



Samla sett var det låge tap til freda rovdyr i Rogaland i 2015. Me fekk inn 15 søknadar om erstatning, og totalt i Rogaland er det utbetalt kr. 207 271. 


Publisert 23.03.2015

Rovviltnemnda har fått ny nettside

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane tok 1. januar 2015 over sekretariatet for Rovviltnemnda i region 1 og nemnda fekk då nye nettsider.


Publisert 23.03.2015

Kvote for betinga skadefelling 2015-2016

Rovviltnemnda i region 1 vedtok i møte 18 mars kvote for betinga skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn.


Publisert 29.01.2015

Forlenga løyve til skadefelling av 1 jerv vinteren 2015

Rogaland bondelag har fått forlenga løyve til skadefelling av ein jerv i kommunane Hjelmeland og Suldal fram til og med 15. februar 2015.


Publisert 02.01.2015

Løyve til skadefelling av jerv

Fylkesmannen har gitt Rogaland bondelag løyve til skadefelling av ein jerv i kommunane Hjelmeland og Suldal. Løyvet gjeld i tida frå 1. januar 2015 til og med 31. januar 2015


Publisert 02.12.2014

Tilskotsordningar i 2015 førebyggande konfliktdempande tiltak rovvilt

Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, kulturminnevern og forureining. Alle søknadar skal sendast gjennom elektronisk søknadssenter i Miljødirektoratet. Søknadsfristen er 15. januar 2015 for dei fleste tilskotsordningane.


Publisert 27.10.2014

Snart frist for å søka om erstatning rovdyrskadar

Fristen for å søka om erstatning for skadar på husdyr er 1. november. Staten erstattar dokumenterte og antatt tap og skadar frå rovdyr på av husdyr. Alle søknadar må leverast elektronisk.


Publisert 16.10.2014

Informasjonstelefon - jerv og ulv

For rovviltregion 1 er det oppretta ein telefonsvarar der det blant anna vert opplyst kor mange dyr det er igjen på fellingskvoten.


Publisert 01.02.2013

Forlenga skadefelling av jerv

Rogaland Sau og Geit har fått forlenga løyve til skadefelling av 1 jerv i kommunane Suldal og Hjelmeland. Løyvet gjeld til og med 15. februar 2013. Fellingsforsøket skal gjennomførast av skadefellingslaget i Nord-Rogaland.


Publisert 17.01.2013

Forlenga fellingsløyve på jerv i Suldal og Hjelmeland

Rogaland Sau og Geit er gitt løyve til forlenga skadefelling av 1 jerv i perioden fram til og med 31. januar 2013.