Forlenga fellingsløyve på jerv i Suldal og Hjelmeland

Rogaland Sau og Geit er gitt løyve til forlenga skadefelling av 1 jerv i perioden fram til og med 31. januar 2013.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.01.2013

Fylkesmannen gav løyve til skadefelling av 1 jerv i samme område frå 2. – 16. januar i år. Fellingsforsøket er basert på utlegging av åte og bruk av viltkamera med GPS på delar av åteplassane. Så langt er det ikkje observert jerv eller spor etter jerv i området. Verneområdestyret i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane har gitt løyve til bruk av snøskuter.

Fellingsløyve er no forlenga til å gjelde perioden 17. januar til og med 31. januar 2013. Sjå bakgrunn og vilkår for løyve i dokumentlenka til høgre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.