Rovvilt

Oppdatert 08.04.2024

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 20.12.2012

Skadefelling av jerv i Suldal og Hjelmeland i 2013

Fylkesmannen har gitt Rogaland Sau og Geit løyve til skadefelling av jerv i perioden 2. januar 2013 til og med 16. januar 2013. Fellingsforsøket skal gjennomførast av skadefellingslaget i Nord-Rogaland.


Publisert 15.11.2012

Rovviltnemnda Region 1

Klima- og miljødepartementet har etablert 8 regionale rovviltnemnder. Fylkesmannen i Rogaland er sekretariat for Region 1 der fylka Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder er representert. Rovviltnemnda er gitt arbeidsoppgåver innafor den nye forvaltningsforskrifta for rovvilt og skal gjere prioriteringar etter dei nasjonale bestandsmåla for regionen.