Økologisk landbruk

Oppdatert 20.12.2023

I økologisk produksjon blir det sett ekstra krav til miljøomsyn og dyrevelferd. Økologisk landbruk kan bidra til å gjere norsk landbruk meir miljøvennleg og berekraftig, fordi erfaringar frå økologiske driftsformer blir overførte til det konvensjonelle jordbruket.

I økologisk landbruk er målet å bruke dei lokale og fornybare ressursane på kvart gardsbruk og å bevare og forvalte det biologiske mangfaldet og kulturlandskapet. Det blir til dømes ikkje nytta kunstgjødsel eller kjemisk-syntetiske sprøytemiddel, og regelverket avgrensar kor mange dyr som kan haldast på eit bestemt areal. Økologisk landbruk bidreg dessutan til auka matmangfald og at forbrukarane får tilgang til produkta dei ønskjer. Debio godkjenner og fører kontroll med den økologiske landbruksproduksjonen. 

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren har som oppdrag å vidareutvikle økologisk jordbruk som ein del av landbruket i fylket. Oppdraget er forankra i Nasjonal strategi for økologisk landbruk. Strategien har som mål å stimulere til økologisk produksjon som er etterspurt i marknaden.

Frå 2020 har fylkeskommunen overtatt ansvar for å støtte utviklinga av økologisk landbruk gjennom forvaltning av tilskot til regionale tilretteleggingstiltak. Dette er midlar som kan tildelast kommunar, organisasjonar, forskings- og utviklingsinstitusjonar registrert i Einingsregisteret. Føretak registrert i Einingsregisteret kan også søkje dersom tiltaket har som mål å fremje fellesgode knytt til næringsutvikling.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 08.01.2014

Handlingsplanen for økologisk landbruk = Bygdeutvikling = sant

Midlar frå handlingsplanen for økologisk landbruk blir innlemma i bygdeutviklingsmidlane.


Publisert 12.09.2013

Matmarknad laurdag 14. september på Kongsgård skole

14 lokale produsentar, foredlarar, restaurantar og butikker stiller med eit stort utval av varer på Markens Grøde.

 


Publisert 30.08.2013

Sandnesbedrift vann økologisk pris

Den økologiske grossisten Norganic er kåra til årets leverandør av økologiske produkt.


Publisert 15.05.2013

Nyheitsbrev økologisk mat og landbruk mai 2013

Nyttig informasjon om økologisk mat og landbruk: arrangement, kurs, bedriftsportrett, tall med meir. Nyheitsbrevet blir sendt ut i desse dagar til abbonnentene - enten elektronisk eller i posten.

 


Publisert 14.05.2013

Studietur til Sør-Tyskland 23-28. september 2013

Tema for turen er "Vidareforedling og verdiskaping". Vi skal sjå på økologiske gardar som foredlar gardsprodukt og som samarbeider om sal og marknadsføring av desse. Kjøtt- og mjølkeforedling står i fokus. Vi skal vere ein dag på Herrmannsdorfer Landwerkstätten, der vi også deltek på pølselagingskurs.


Publisert 11.04.2013

Sals-og serveringsstader i Rogaland - no oppdatert

Hefte om sals-og servingsstader i Rogaland med økologisk mat er no oppdatert. Endringar skjer fortløpande etter behov.


Publisert 21.01.2013

Årets første nyheitsbrev

Her kan du lese nyheiter om økologisk landbruk i Rogaland.


Publisert 03.01.2013

Søknadsfrist - Handlingsplan for økologisk landbruk i Rogaland

Fristen for å søkje om midlar er 15. februar 2013. Midlane kan brukast til prosjekt i hele verdikjeda frå jord til bord for å auke produksjonen og omsetnaden av økologisk mat.


Publisert 13.09.2012

Server meir økologisk! – om økologisk mat i storhushald

Dagsseminar om korleis offentlege verksemder kan krevje økologiske matvarer. Det blir lagt opp til eit seminar med mykje dialog og mest mogleg relatert til konkrete utfordringar. Aktuelle tiltak og strategiar vil bli diskutert.


Publisert 13.08.2012

Ny utgåve: nyhendebrev for økologisk landbruk august 2012

Har du lyst å komme til open økologisk gard, moroe deg over "kokken og tosken", eller starte opp som lokalmatprodusent?