258 millionar til kommunale klimakutt i 2020

Miljødirektoratet støtter klimatiltak i regi av kommunar og fylkeskommunar. For 2020 er det 258 millionar kr i potten. Fylkesmannen i Nordland oppfordrar alle kommunane i fylket til å søke. Søknadsfristen er 15. februar 2020.

Kva kan kommunen søkje om?

Klimasats støttar tiltak i regi av kommunar og fylkeskommunar, som reduserer utslepp av klimagassar og bidreg til overgangen til eit lågutsleppsamfunn. Pengane kan gå til prosjekt som til dømes reduserer klimagassutslepp ifrå arealendringar, veg og anlegg eller andre sektorar.

Arbeid med system for klimavennlege innkjøpsordningar og forprosjekt for å finne klimagassreduserande tiltak kan òg få støtte.

Av dei 258 millionane er det satt av 77 millionar som skal gå til utvikling av hurtigbåtar med løysingar for null- og lågutslepp. 

Må vere politisk forankra

Etatane kan søke tilskot saman eller kvar for seg. Det er krav om at klimasatsstønaden er utløysande for at tiltak blir iverksett. Etatane må sjølve gå inn med eigeninnsats, og søknadane må vere politisk forankra. 

Kva vert vektlagd i 2020?

Miljødirektoratet oppfordrer søkarar for 2020 til å søke om:

  • kartlegging av kva som er mogleg for å redusere utslepp knytt til vegarbeid, vatn og avløp, park og utandørs idrettsanlegg, både ifrå anleggsarbeid og i materialbruk
  • å sjå på korleis ein kan ta i vare karbonrike areal; søk gjerne stønad til prosjekt om korleis disse areala kan takast hand om i arealplanlegging eller i anna forvaltning
  • vurdering av korleis kommunen kan innarbeide klimaomsyn systematisk i sine innkjøp

Søkarane blir også oppmoda til å tenkje breitt og heilskapleg på korleis dei vil redusere klimagassutsleppa. Tiltak som gir store reduksjonar i klimagassutslepp vil bli prioriterte.

Webinar

Tysdag 3. desember kl. 10.00-11.00 arrangerer Miljødirektoratet eit webinar for Klimasats-søkarar. Enova vil også delta. Her er det mogleg å stille spørsmål.

Webinaret passar for sakshandsamarar som jobbar med klima og miljø i kommunar og fylkeskommunar, i tilegg til folkevalde som ønskjer å fremme lokalt klimaarbeid. 

Denne saka er lånt frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.