Forureining

Fylkesmannen er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Fylkesmannens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Fylkesmannen, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir


09.11.2017

Fagdag om forureining for tilsette i kommunane 1. november 2017

Den 1. november arrangerte Fylkesmannen fagdag for kommunane som forureiningsmyndighet. Vi har no lagt ut alle presentasjonane. Du finn dei her.

23.10.2017

Kontrollerer miljøkrav ved asfaltverka

Det er fire asfaltanlegg i Møre og Romsdal. Alle blei kontrollert i denne aksjonen. Resultatet viser at anlegga har blitt betre på miljørisikovurdering. Kontrollen viser at dei hadde få avvik frå miljøkrava.

19.09.2017

Fagdag om forureining for tilsette i kommunane 1. november 2017


18.09.2017

Brenning av bygningar

Det hender at kommunar og privatpersonar ønskjer å kvitte seg med bygningar ved å brenne dei. Skjer dette, vil det føre til forureining av luft og grunn.

06.09.2017

Fylkesmannen fører tilsyn med oppdrettsanlegg

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har så langt i 2016 og 2017 kontrollert 37 oppdrettsanlegg fordelt på 8 ulike oppdrettsselskap. Hensikten med kontrollane er å sjå til at krav i forureiningslova med tilhøyrande forskrifter og løyve blir etterlevd. Fylkesmannen nyttar óg kontrollane til å informere om miljørisiko knytta til drift av oppdrettsanlegg. 

16.06.2017

Ikkje brenn avfall på sankthansbålet!

Bålbrenning er kjekt og spesielt på sankthansaftan. Like kjekt er det ikkje når søppel i bålet kan gjere røyken giftig og gjere at miljøgifter frå oska sig ned i grunn og ut i vatn. Ta ansvar for kva du legg på bålet!

12.06.2017

Tilsynsaksjon for plastvareprodusentar

Miljødirektoratet og fylkesmennene gjennomførte vinteren 2016/2017 ein tilsynsaksjon retta mot plastvareprodusentar. Aksjonen hadde som formål å: kontrollere etterleving av regelverket innan bransjen. auke verksemdenes kunnskap om lovverket, og konsekvensane for miljøet få ei god oversikt over bransjen

09.05.2017

Miniseminar om bygg- og anleggsavfall

Fylkesmannen inviterer til miniseminar om bygg- og anleggsavfall i samarbeid med Avfallsforum Møre og Romsdal og NHP-nettverket, i Molde 31. mai. Målgruppen for dette miniseminaret er aktører i bygg- og anleggsnæringen samt avfallsbransjen. Målet er å øke forståelse for forsvarlig håndtering av bygg- og anleggsavfall samt økt gjenvinning og gjenbruk.

22.02.2017

Brosjyre om handtering av gummigranulat på kunstgrasbaner

Gummigranulat frå kunstgrasbaner kan vere ei stor kjelda til mikroplast i norske fjordar. Tiltak for å hindre tap av gummipartiklar frå slike baner kan vere eit av dei enklaste tiltaka for å redusere mikroplast i havet. Noregs fotballforbund har laga ei brosjyre med gode råd til eigarar av slike baner.

02.02.2017

Luftkvalitet

Ulike forureiningar i utandørs luft kan føre til helseskadar. I nyheitene får vi av og til vite korleis det er i område av verda med svært høg luftforureining. Men også i Norge er luftkvaliteten dårleg i mange område. Særleg i periodar med kulde og tørt vêr hopar forureiningane seg opp.