Turisthytte på fjellet Snipa er nærare realisering

Reguleringsplanen som legg opp til å etablere ei turisthytte og veg opp til fjellet Snipa i Hustadvika kommune er stadfesta godkjent av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.05.2023

- Hustadvika kommune har i fleire år arbeidd for å få i stand denne reguleringsplanen, som i førre klagerunde i oktober 2021 vart oppheva av Statsforvaltaren, seier seniorrådgivar Therese Småland.

Reguleringsplanområdet ligg over dagens kalksteinsbrot og der Bergtatte Opplevelser AS driv turisme i nedlagte gruvegangar. Planen er å etablere ei turisthytte med utsiktsplatå, som skal bli ein ny turistattraksjon for kommunen. Reguleringsplanen legg opp til dette ved at det er regulert inn areal til turistføremål på toppen av fjellet, samt at ein kan nytte ein anleggsveg for frakt av varer og enkelte turistgrupper opp til hytta.  

Klage frå sameige

Det er grunneigarar i planområdet som har klaga på kommunens vedtak av reguleringsplanen. Dei meiner at planen får store ulemper for deira mogelegheit til å utnytte sine eigedomar. Delar av anleggsvegen går over sameiget sine eigedomar og kommunen må truleg gjere krav på deler av desse areala for å få gjennomført planen.

- I planprosessen skal kommunen ta omsyn til fleire og gjerne motstridande interesser. Det er opp til kommunestyret å avgjere kva for interesser som skal vege tyngst og kva som er mest tenleg arealbruk i eit område, forklarer Småland.

Store positive ringverknader for næring og turisme

- Hustadvika kommunen har lagt avgjerande vekt på at gjennomføring av planen vert ein viktig del av kommunen si satsing på turisme. Her vil ei ny fjellhytte på Snipa verte en viktig del av fjellturen «Atlanterhavseggen» som går mellom den kjende «Trollkyrkja» og Snipa. Desse fordelane vert saman med ynskje om å kunne nytte ein allereie etablert tilkomstveg i området, vurdert av kommunen som meir tungtvegande enn dei ulempene som sameige får, avsluttar Småland.

 

Statsforvaltaren konkluderer difor med at reguleringsplanen er i samsvar med lovverket sitt krav til grunngjeving og saksopplysning, og planen er difor no godkjent.