Reguleringsplanen for Grandfjæra øst er godkjent

Situasjonsplan av Grandfjæra øst

Statsforvaltaren stadfestar Molde kommune si detaljregulering av eit nytt bustad- og kontorområde i Grandfjæra.

Publisert 30.06.2023

- Arbeidet med denne reguleringsplanen blei starta opp av Arkitektane bbw AS i 2019, og byggjer på eksisterande områdereguleringsplan for Grandfjæra frå 2013, seier seniorrådgivar Therese Småland.

Den nye reguleringsplanen legg opp til utbygging av bustadblokker og bygg der kontor og bustadar kan kombinerast. Vidare skal sjøareala fyllast ut, og det skal lagast til ein offentleg tilgjengeleg sjøfront i forkant av dei utbygde områda.

Klage frå naboar til planområdet

Den mest omfattande klaga kom inn frå naboar og andre grunneigarar som blir påverka av planvedtaket. Dei meiner at kommunen ikkje har teke nok omsyn til deira interesser og at kommunen sine eigne krav til korleis Molde by skal utviklast er forsømt.

- I planprosessen skal kommunen ta omsyn til fleire og gjerne motstridande interesser. Det er opp til kommunestyret å avgjere kva for interesser som skal vege tyngst og kva som er mest tenleg arealbruk, forklarer Småland.

- Gjennom vår saksbehandling ser vi at det er ein raud tråd mellom arealbruken kommunen har fastsett i kommuneplanen, områdeplanen frå 2013, og i den no vedtekne detaljreguleringa. Vi kan ikkje sjå at kommunen har brote reglane i plan- og bygningslova.

Eit ynskje om utvikling i området

Detaljreguleringsplanen for Grandfjæra øst er utforma i samsvar med den tidlegare områdeplanen for området. Samtidig legg detaljreguleringa opp til ei noko mindre omfattande utbygging enn det områdeplanen frå 2013 opna for.  

- Molde kommunen ynskjer ei utvikling av Grandfjæra som eit sentrumsnært og verdifullt areal. Kommunen ynskjer at den opplevde avstanden mellom bysentrum og kjøpesentra i aust gror saman og framstår som éin bymessig struktur. Sjølv om kommunen ser at utbygginga vil få negative konsekvensar for nokre av dei som bur i nærleiken, konkluderer dei med at utviklinga har større positive fordelar totalt sett, avsluttar Småland.