Nyheitsbrev om plan frå Fylkesmannen og fylkeskommunen

Fylkesmannen og Fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak, til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som var omtala i nyheitsbrevet for april.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.04.2020

Plannettverkssamlingar våren 2020 – avlysing

På grunn av koronaviruset har vi avlyst dei planlagde plannettverkssamlingane som skulle arrangerast i april og mai. Planen er å arrangere samlingane til hausten. Vi kjem tilbake til nye datoar.

Kommunemøte/kommunedialog

Fylkesmannen og fylkeskommunen har avtalt ein serie med dialogmøte med kommunane i fylket i løpet av 2020. Kommunal planlegging som politisk utviklings- og styringsverktøy er her eitt av fleire hovudtema. Tre dagssamlingar er så langt gjennomførte:

  • 13.02.20: Aukra, Vestnes og Rauma
  • 26.02.20: Stranda og Sykkylven
  • 27.02.20: Fjord

Vidare samlingar er sett på vent pga. koronakrisa; ny informasjon om dette seinare. Sjå nettartikkel med omtale av samlinga 13. februar med Aukra, Vestnes og Rauma.

Ny runde med kommunale planstrategiar og rullering av kommuneplanens samfunnsdel

Dei fleste kommunane i vårt fylke er ved utgangen av mars 2020 godt i gang med planstrategiarbeidet for 2020 – 2024. Planstrategien er første ledd i kommunens langsiktige samfunnsplanlegging. Det er viktig å sjå arbeidet med planstrategi og planprogrammet for kommuneplanens samfunnsdel i samanheng. Plan- og bygningslova (§10-1) opnar for at utarbeiding av og behandling av kommunal planstrategi vil kunne slåast saman og vere del av oppstart av arbeidet med kommuneplanen.

Dersom kommuneplanens samfunnsdel skal vere eit viktig lokalpolitisk styringsverktøy, slik plan- og bygningslova og kommunelova legg til grunn, stiller dette krav om at planen er direkte knytt til valperiodane og kan vedtakast tidleg i perioden. Fleire kommunar har i tråd med dette slått saman desse prosessane og utarbeidd forslag til planstrategi og planprogram for kommuneplanens samfunnsdel i form av eit felles høyringsdokument. Aktuelle referansar her er KMD sine rettleiarar T-1494 kommunal planstrategi og T-1492 kommuneplanens samfunnsdel

Skjønnsmiddel til kommunane

Fylkesmannen har sendt brev til kommunane i Møre og Romsdal om å kome med innspel til skjønnstildelinga for 2021. Ein del av skjønnsramma skal gå til innovasjon og utvikling i kommunane. Satsingsområda for 2021 står lista opp under Fylkesløft.

Utbrotet av korona-viruset gir mange kommunar auka kostnader. Regjeringa har også lagt til ein ekstraordinær krisepott for 2020 på om lag 10 millionar for Møre og Romsdal.
Lenke til nyhende og brevet finn du her.

Regjeringa skrur på trafikklyset i havbruksnæringa

Nærings- og fiskeridepartementet har bestemt kva farger dei 13 ulike produksjonsområda for oppdrett av laks, aure og regnbogeaure får. For Møre og Romsdal er no store delar av fylket omfatta av raud sone (sone 4 og 5), der kommersielt oppdrett må redusere produksjonen med 6 %. Unntaket er sone 6 frå Nordmøre-Trøndelag, sjå lenke.

Dei to siste åra har sone 4 og 5 vore gule, dvs. at status quo skulle gjelde, medan lusesituasjonen i oppdrettsanlegga er blitt verre dei siste 2 åra, noko som har medført ei endring frå gul til raud sone. Dette medfører store skadar på villfisk av laks- og sjøaure.

Trafikklyssystemet gjeld berre kommersielt oppdrett og ikkje FOU og visningskonsesjonar, men Fylkesmannen går imot alle former for auka oppdrettsverksemd i dei raude sonene.

Animert planinformasjon frå KMD

Nye animerte informasjonsfilmar om planlegging er lagt ut på KMD sine heimesider. Det blir her peika på at filmane skal bidra til inspirasjon og læring, og gi ei rask oversikt over viktige aspekt innan planlegging etter plan- og bygningslova.

Temakart – kommunedata

Fylkesmannen har utarbeidd fylkeskart med lenker til relevant statistikk over kommunedata frå ulike offentlege etatar. Det er no heile 13 tema som er knytt direkte inn mot enkeltkommunar. Meir informasjon finn du på Fylkesmannen sine heimesider.

Ny Ungdatarapport: Ung i distrikts-Norge

NOVA/OsloMet har utgitt ein ny rapport basert på Ungdata-tal. Rapporten handlar om korleis ungdom som veks opp i dei minst sentrale delane av Norge har det, og kva dei driv med på fritida. Målet er å gi eit oppdatert bilde av situasjonen for unge i distrikta, samanlikna med dei som bur i meir sentrale strøk av landet. Rapporten kan lastast ned her.

Forslag til kandidatar til kulturlandskapsprisen

Fylkesmannen i Møre og Romsdal deler årleg ut ein kulturlandskapspris for å setje fokus på den viktige rolla landbruket har som forvaltar av kulturlandskapet, og på dei nærings- og samfunnsmessige verdiane som kulturlandskapet representerer. Fylkesmannen inviterer alle til å kome med forslag på kandidatar til Kulturlandskapsprisen innan 31. mai 2020. Meir informasjon er å finne på Fylkesmannen sine heimesider.

Mellombels forskrift i samband med koronaviruset

Regjeringa opnar i ei mellombels forskrift opp for at kommunane kan gjere unntak frå søknadsplikta etter plan- og bygningslova for tidsavgrensa bruksendringar og mellombels plassering av bygg til helse- og omsorgstenester mv. i samband med utbrotet av koronaviruset. Forskrifta skal gi kommunane auka handlingsrom til å iverksette nødvendige tiltak raskt. Meir informasjon finn du her.

Fylkesmannen stenger for publikumsbesøk

Grunna tiltaka mot koronaviruset som no er innført i Noreg, vil Fylkesmannen i Møre og Romsdal stenge for besøk av publikum fram til 14.04.20. All drift hos Fylkesmannen blir ivaretatt og alle tenester er framleis tilgjengelege på post og telefon - 71 25 84 00. Meir informasjon på heimesidene.

Arbeidet med Regional planstrategi Møre og Romsdal 2020 – 2024 (RPS) og arbeidet med ny fylkesplan går sin gang

Høyringsfristen for RPS gjekk ut 25. mars, og det har kome inn 20 høyringsinnspel. Store og sentrale regionale statsetatar har kome med innspel, mens det berre har kome innspel frå seks kommunar.

Vi kan ikkje sjå bort ifrå at tal innspel er påverka av koronapandemien, der samfunnet no har store utfordringar med krisehandtering, ikkje minst kommunane. Framdriftsplanen er at RPS skal opp i fylkesutvalet i møte 2.- 3. juni, og i fylkestinget i møte 15. – 16. juni, med atterhald om at det blir noko av dette fylkestinget.

Samstundes arbeider vi med ny Fylkesplan for Møre og Romsdal 2021 – 2024. Tanken er å få opp eit høyringsutkast til denne i same fylkesutval som RPS. Dette vil i så fall vere i tråd med den opphavelege framdriftsplanen. Dette er meir utfordrande no med heimekontor, fordi det krev omfattande interne prosessar. Om vi når fristen for høyringsutkastet, får vi sjå når det nærmar seg midten av mai.

Aktuelle webinar om klimaspørsmål

Miljødirektoratet har fortløpande tilbod om webinar om klima- og miljøspørsmål. Det er gratis å delta, men ein må registrere seg i forkant. Webinara varer vanlegvis 45-60 minutt, halvparten av tida vert brukt til innleiing, resten til å svare på spørsmål frå deltakarane. Webinara er elles råd å sjå i opptak etterpå. Sjå meir på denne lenka.

Plansaksbehandlinga går som vanleg

I desse koronatider er det kanskje viktigare enn nokon gong å halde hjula i gang. Det har med rette vore hevda i media at byråkrati ikkje kan kome unødig i vegen for eit hardt pressa næringsliv. At alle skulle ut i heimekontor samstundes, medførte nokre mindre datatekniske utfordringar i byrjinga. Desse er no løyste. Ei rekke planstrategiar er på høyring samstundes, saman med planprogram for kommuneplanars samfunnsdel. Dette utfordrar kapasiteten noko, men plansaksbehandlinga går elles som vanleg, etter fristar som er sette.

Ny rettleiar om konsekvensutgreiingar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har publisert ein ny rettleiar som gjeld konsekvensutgreiingar for planar etter plan- og bygningslova. Denne vil etter det vi forstår bli supplert med gode eksempel etter kvart. Merk at rettleiaren ikkje fokuserer på konsekvensutgreiingar utløyst av tiltak etter særlovar. Prinsippa som ligg til grunn for utgreiingsprogram og gjennomføring av utgreiingane er likevel dei same.

Nye folkehelseprofilar for kommunar og fylke

Folkehelseinstituttet har publisert nye folkehelseprofilar. I år er sosialt berekraftige lokalsamfunn sentralt tema, og dette blir gjort synleg gjennom både indikatorar og figurar. Indikatorane er viktige med tanke på det helsefremmande og førebyggande arbeidet, men må tolkast saman med anna kunnskap om lokale forhold. Folkehelseprofilen er eit bidrag til kommunane sitt arbeid med oversikt over folkehelsa.

I planlegging av sosialt berekraftige lokalsamfunn er fire mål viktige; at innbyggarane har tillit til samfunnet og kvarandre, har tilgang til arbeid, utdanning og gode nærmiljø, at dei føler at dei høyrer til og at dei opplever tryggleik.

Sjå også kommunehelsa sin statistikkbank for fleire indikatorar.

Kor smart og berekraftig er Ålesund?

Som første by/kommune i Norge har Ålesund fått sin «U4SSC KEY PERFORMANCE INDICATORS VERIFICATION REPORT». Dette er ein FN godkjent metode for å måle nettopp kor smart og berekraftig
ein by eller kommune er. Rapporten er ein del av kunnskapsgrunnlaget når kommunen skal drive strategisk planlegging; prioritere, sette langsiktige mål. Her kan ein:

  • Måle utvikling over tid
  • Samanlikne – og lære av andre
  • Formidle gode resultat og behov for forbetringar

Molde og Kristiansund er inne i sluttfasen med å få verifisert sine rapportar.

SSB lanserer plattform for berekraftindikatorar

Statistisk sentralbyrå har samla statistikk og dokumentasjon for eit utval av dei globale indikatorane for berekraftig utvikling. Utvalet er presentert på faktasida «Bærekraftsmålene». SSB sine indikatorer er eit supplement til U4SSC-indikatorane.

Klimakur 2030 på høyring

Miljødirektoratet har på vegne av Klima og miljødepartementet sendt rapporten Klimakur 2013høyring. Dette er eit utgreiingsarbeid utarbeidd av ei rekke faginstansar på oppdrag frå regjeringa. Klimakur 2030 rettar søkelyset mot moglege tiltak for å redusere ikkje-kvotepliktige utslepp med minst 50 prosent innan 2030, og beskrive tiltak for å redusere utslepp og auke opptak i skog og arealbrukssektoren. Rapporten har ingen tilrådingar om kva tiltak og verkemiddel som bør gjennomførast, men presenterer eit kunnskapsgrunnlag.

Flytting av kurs om klimatilpassing

VÆR SMART!-kurset som skulle haldast i Ålesund 17. mars vart utsett og er flytta til 17. november. Alle dei påmelde vil behalde plassane sine. VÆR SMART!-kurset i Kristiansund går som planlagt 17. september. Påmelding til kurset i Kristiansund finn du på Fylkesmannens heimeside.

Statistikk og kunnskapsgrunnlag i koronatida

Den globale koronapandemien har store konsekvensar for heile samfunnet. I desse tidene kan det vere utfordrande å lage eit kunnskapsgrunnlag som speglar tilstanden i samfunnet. Til no veit vi ikkje med sikkerheit kva utfallet er av pandemien, eller kor store kostnadane har vore for samfunnet. Dei økonomiske konsekvensane og usikkerheita medførte at Statistisk sentralbyrå avlyste publiseringa (12. mars 2020) av prognosar for norsk og internasjonal økonomi. Årsaka er den stadig auka usikkerheita knytt til spreiinga av koronaviruset, og konsekvensane tiltaka mot spreiinga har for økonomien både i verda og Norge.

Når usikkerheita er høg, er det viktig at vi er enda betre på den metodiske tilnærminga. Vis til kva datakjelder du har nytta og tidspunktet du har henta ut statistikk på. Det er viktig at ein belyser dei svakheitene tala kan ha, og fortel mottakarar korleis du har tolka statistikken. Treng du hjelp med datatilfang eller ønskjer å diskutere statistikk til kunnskapsgrunnlag, kan du sende ein e-post til statistikk@mrfylke.no

Vi vil forsøke å ha ein oppdatert kommunestatistikk tilgjengeleg med så mykje oppdatert statistikk som mogleg primo mai. Den finn de på www.mrfylke.no/kommunestatistikk

Framskrivingar

Statistisk sentralbyrå framskriv folkemengda i kommunane kvart andre år. Dei som ligg tilgjengelege på SSB sin nettstad i dag (02.04.2020), er frå 2018 og bygger på historiske trendar innan til- og fråflytting, inn- og utvandring, fødde og døde og aldring i befolkninga. Estimeringsperiodane og kva geografiske område som er nytta for å lage spesifikke ratar for kvar kommune er ikkje dei same for kvart tema (til dømes finst det fertilitetsregionar som ikkje er dei same regionane som vert nytta for å berekne flytteratar). Til sommaren vil SSB publisere nye framskrivingar. Desse er venta 3. juni, og vil vere berekna med oppdaterte ratar for alle dei demografiske fenomena.

Dei siste to åra har vekstratane i fylket vore stadig lågare, og det er venta at denne utviklinga i større grad vil speglast i dei oppdaterte framskrivingane. Framskrivingane som kjem i 2020 vil truleg vere dei lågaste på lang tid og vil vise stadig større geografiske skilnader. Det er usikkert om fylket som heilskap får folketalsvekst. I tillegg er det venta at SSB vil forsøke å estimere nokre konsekvensar koronasituasjonen vil ha for folketalsveksten, utover kva dei kan estimere frå historiske trendar.

For meir om befolkningsframskrivingane og korleis dei er nytta, sjå SSB.

Dokumenter