Nyheitsbrev om plan - juni 2023

Solnedgang over Litlefjellet i Rauma
Frå Litlefjellet, Rauma. Foto: Andreas Rusten.

Statsforvaltaren og fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene i sommarens nyheitsbrev.

Publisert 23.06.2023

Høyring av plansaker i sommarferien

Statsforvaltaren og fylkeskommunen oppmodar kommunane om å utvide høyringsfristen med to – tre veker i samband med kommunale plan- og dispensasjonssaker som blir sendt ut i juni og juli månad 2023.

Kvikkleireskred i arealplan og byggesak

NVE hadde i mai eit webinar om tryggleik mot kvikkleireskred i arealplan og byggesak. Opptak av webinaret finn de på heimesida til NVE. På same side finn de fleire webinar som omhandlar naturfare.

Ny nasjonal jordvernstrategi

Stortinget har vedteke ein ny jordvernstrategi. Strategien har eit nytt og skjerpa mål for omdisponering av matjord, og nye konkrete tiltak for å nå dette målet. I den nye jordvernstrategien er målet for omdisponering av dyrka mark sett til maksimalt 2000 dekar pr år, og målet skal nåast innan 2030.

Arealstrategiarbeid i åtte distriktskommunar

Høgskolen i Innlandet og Universitetet i Tromsø har på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet leia eit pilotprosjekt knytt til bruk av arealstrategi i kommuneplanens samfunnsdel. Prosjektet omfattar eit kartleggings- og evalueringsarbeid, men også samarbeid om prosessleiing i kommunane. Eit siktemål har vore å teste ut om arealstrategien bidreg til å forenkle planarbeidet i små kommunar med store område avsett til landbruks-, natur- og friluftsføremål samt reindrift.

Stortingsmelding med strategi for å betre folkehelse og livskvalitet

I Folkehelsemeldinga (Meld. St. 15 2022-2023) presenterer regjeringa den samla innsatsen for å fremje betre folkehelse og god livskvalitet i befolkninga. Meldinga er regjeringa sin strategi for å utjamne sosiale helseforskjellar.

Nyttig arealstatistikk hos Statistisk sentralbyrå

Planavdelinga i Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) samarbeider med Statistisk sentralbyrå (SSB) om utvikling og tilgjengeleggjering av arealstatistikk, og arealprofilar for norske kommuner er no publisert på ssb.no. Føremålet er at arealprofilar skal bli eit godt verktøy for strategisk samfunns- og arealplanlegging og bidra til betre og raskare planprosessar.

Arealrekneskap for alle kommunane i fylket

Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar med å utarbeide arealrekneskap for alle kommunane innan 1. september. Målet er å vise korleis vi brukar areala i kommunen og skal vere eit hjelpemiddel for både politikarar og planleggarar.

Arealrekneskap synleggjer for kommunen areal som er tatt i bruk anten ved å vere bebygd eller opparbeidd i tillegg til fordeling av arealtypar og planlagt arealbruk.

Areal som er bebygd eller opparbeidd er basert på Statistisk sentralbyrås (SSB) datasett for arealbruk (2022). Arealtypeinformasjon er basert på datasetta Ar5 og Ar50 (arealressurs), mens planinformasjonen bygger på kommuneplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar. Arealrekneskapet syr saman informasjon frå desse datakjeldene.

Her kan du sjå eksempel på arealrekneskap i eit dashboard for Giske kommune.

Fire prosjekt fekk tilskott til berekraftig byutvikling

Kultur-, nærings- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune tildelte i utvalsmøtet 6. juni tilskot til fire utviklingsprosjekt gjennom ordninga «Berekraftig byutvikling i Ålesund, Molde og Kristiansund»: Ålesund kommune fekk tilskot til prosjektet «Puls», som skal sjå nærare på korleis kunst, kunstnarar og kultur kan bidra til stad- og tenesteutvikling. Molde kommune fekk tilskot til arbeid med ein strategi for utvikling av Molde sentrum og til eit kunstprosjekt på den siste delen av Sjøfronten. Kristiansund kommune har tidlegare fått tilskot til vidareutvikling av tilbodet til Sundbåten og i denne runden tilskot til prosjektet «Berekraftig mobilitet i Kristiansundsregionen». Meir om dei ulike prosjekta kan du lese i saksframlegget.

Averøy ny Gnistkommune

Averøy kommune er valt ut som ein av fem norske kommunar til å vere GNISTkommune. Programmet er retta mot kommunar som vil jobbe for berekraftig stad- og næringsutvikling i lokalsamfunnet, med utgangspunkt i lokale utfordringar, moglegheiter og behov. Les meir på fylkeskommunen sine nettsider.

Datoar for regionalt planforum

Det er sett opp datoar for regionalt planforum til hausten. Datoane er 20. september, 18. oktober, 8. november og 6. desember. Innmelding og nærmare opplysninger på fylkeskommunen si nettside.

Ny oppdatering av kommunestatistikken

Fylkeskommunen har oppdatert kommunestatistikken. Her finn de statistikk som viser utviklingstrekk for den enkelte kommune i fylket. Kommunestatistikken blir oppdatert vår og haust i tråd med når statistikk er oppdatert og gjort tilgjengeleg hos SSB. Oppdateringa på våren er den mest omfattande, og områda demografi, sysselsetting og pendling er døme på nokre av dei temaa som no er oppdaterte.

Har du forslag til kandidat for Klimasnuprisen 2023?

Skjema for å nominere til Klimasnuprisen 2023 er opna. Statsforvaltaren deler ut Klimasnuprisen kvart år for å motivere til klimaomstilling. Kjenner du til nokon som har bidratt særskilt til positiv utvikling innan klimaarbeid i fylket? Det kan vere grupper, nettverk, organisasjonar, offentlege organ eller personar. Les meir om prisen og nominer dine favorittar på Statsforvaltaren sine heimesider.

Klimasnukonferansen 2023

Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren inviterer til årets konferanse om klimaomstilling. Konferansen bygger vidare på tidlegare samlingar og har som mål å bringe fylket eit steg nærare å løyse natur- og klimakrisa i vår region. Meld deg på Klimasnukonferansen 2023 via denne lenka.

Klimatiltak i Norge mot 2030

Miljødirektoratet lanserte 2. juni rapporten Klimatiltak i Norge mot 2030. Den analyserer ulike tiltak som kan kutte utslepp av klimagassar og kva for barrierar aktørane møter. Miljødirektoratet har utgreidd 85 klimatiltak som gjer det mogleg å nå Norges klimamål. Det er behov for fleire verkemidlar for å utløyse utsleppskutta.

FNs klimapanel: Effektive utsleppskutt som kan gjerast no

Norsk klimastiftelse har laga eit temanotat - Klimastatus 2023 - som gir eit oppdatert overblikk over klimaendringar, utslepp og klimaløysingar. Sjå også artikkel på Energi og klima.

Nettside om berekraftig matproduksjon

Statsforvalteren i Vestfold og Telemark har laga ei forteljing om berekraftig matproduksjon - «Hva skal vi ha til middag?» Du kan lese forteljinga på denne nettsida.

Å sjå natur og klima i samanheng

KS har gitt ut eit hefte om synergiar og konflikter i lokal miljø- og klimapolitikk. Heftet inneheld enkle råd om kva ein bør tenke på i arbeidet med samspelseffektar mellom reduksjon av klimagassutslepp, klimatilpassing, bevaring av biologisk mangfald og energiomstilling. I heftet er det med ferske eksempel som kan bidra til betre forståing av samspel i praksis.

Arbeidet med regional planstrategi

Regional planstrategi (RPS) er eit overordna plandokument som viser dei største utfordringane og moglegheitene for fylket framover og kva planar vi skal ha for å møte desse. No ligg det føre kunnskapsgrunnlag til Regional planstrategi og fylkesplan 2025- 2028 og du kan lese det her.

Oversikt over folkehelsa

«Folkehelsa i Møre og Romsdal 2023» er eit skriftleg dokument som gir ei oversikt over helsetilstanden i fylket. Det er ein del av kunnskapsgrunnlaget for planstrategien og gir ei oversikt over sentrale utviklingstrekk, utfordringar og moglegheiter knytt til dette. Dokumentet gir innsikt om kva for folkehelseutfordringar som er sentrale i fylket, det har faglege vurderingar av årsaksforhold og konsekvensar, og identifiserer ressursar ein kan møte desse utfordringane med.

Fylkesstrategi for kompetanse

Høyringsutkast til Fylkesstrategi for kompetanse 2024-2027 blir lagt fram for fylkesutvalet 26. juni, og sendt på brei høyring etter det. Fylkeskommunen har utarbeidd ein første versjon av eit digitalt kunnskapsgrunnlag.

Kunnskapsgrunnlaget skal bidra til ei felles forståing av kompetansebehova og andre sentrale utviklingstrekk som er relevante for kompetanseplanlegging i regionen, til dømes demografi, arbeidsstyrken, arbeidsmarknaden og indikatorar innan utdanningssystemet. Fylkeskommunen ønskjer å vidareutvikle kunnskapsgrunnlaget i tett samarbeid med aktørar innanfor utdanning, arbeidsliv, Nav med fleire.