Reguleringsplanar

Reguleringsplan er eit arealplankart med tilhøyrande føresegner som viser bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Reguleringsplan kan utarbeidast som områderegulering eller detaljregulering.

Publisert 22.09.2021, Sist endret 22.09.2021

 Jf. plan- og bygningslova §12-1.

Statsforvaltaren si rolle i arbeid med reguleringsplanar er å formidle nasjonal areal- og miljøpolitikk, og å sjå til at denne politikken vert ivaretatt i planarbeidet.

Oppstart

Ved oppstart av arbeid med reguleringsplan er det krav om varsling av offentlege organ og andre med interesse i saka.

Oppstart av arbeid med reguleringsplanar som avvik vesentleg frå overordna plan skal alltid vurderast opp mot forskrift om konsekvensutgreiing. Av oppstartmeldinga skal det gå fram om ansvarleg planstyresmakt (oftast kommunen) vurderer at planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing eller ikkje, jf. Forskrift om konsekvensutredninger (KU-forskrifta).

Oppstartsmeldinga skal også ta stilling til om kunnskapsgrunnlaget for naturmangfaldtema er vurdert til å vere tilstrekkeleg i forhold til planlagd utbygging, eller om det skal gjennomførast meir kartlegging av biologisk mangfald for å styrke kunnskapsgrunnlaget (jf. naturmangfaldlova § 8).

Offentleg ettersyn

Arealbruksføremål i reguleringsplanar skal som hovudprinsipp vere avklart i overordna plan. Utbygging i strid med overordna plan er ofte konfliktfylt. Statsforvaltaren vil vurdere å fremje motsegn mot planar som er i strid med nasjonal arealpolitikk.

Vi vil særleg framheve at planlegging skal ta omsyn til strandsoneverdiane, naturmangfald, støy og til barn og unge. Ein stor del av motsegnene som vert fremja frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal knyter seg til desse områda.
Strandsonevernet er skjerpa inn gjennom den nye plan- og bygningslova. Utbygging i strandsona skal vere avklart i overordna plan og skal ta omsyn til landskap, natur, friluftsliv og allmenn ferdsel. Når det gjeld barn og unge knyter motsegnene seg ofte til mangelfulle leikeareal i bustadområde. Manglande støyutgreiingar der det er aktuelt gir også grunnlag for motsegn.

Ei motsegn frå statleg eller regional sektormyndigheit opphevar kommunane si myndigheit til å eigengodkjenne kommunale planar.

Vi vil framheve følgjande lovkrav til reguleringsplanar:

  • Alle planar skal innehalde ein planomtale når dei vert lagt ut til offentleg ettersyn (§ 4-2).
  • Det er krav om risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for alle planar som gjeld utbygging (§ 4-3).
  • Arealplanar skal framstillast i samsvar med kart- og planforskrifta. Det er utarbeidd nye teiknereglar for arealplankart.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har utarbeidd ein eigen Reguleringsplanveileder

Departementet har også utarbeidd rettleiarar som dekker heile planområdet, Jf.

Meir utfyllande  informasjon om planlegging etter plan- og bygningslova finn du på www.planlegging.no