Ta våtmarka tilbake!

Bilder viser før og etter restaurering av Rørvikvatnet
Før og etter restaurering av Rørvikvatnet. Foto: Øivind Leren.

Visste du at det går an å gi øydelagte våtområde livet igjen? FN og Miljødirektoratet ber oss om å restaurere våtmark - for vår eigen, naturen og klimaet sin skuld. 

Publisert 22.06.2023

Noreg er eit av landa i Europa med størst variasjon av våtmarker. Våtmarkene er viktige både for biologisk mangfald, karbonlagring og klimatilpassing. Likevel er våtmarkene nokre av dei mest trua naturtypane vi har.

Ofte er det fordi vi menneske vil bruke dem til noko – og derfor øydelegg vi dei. For eksempel drenerer vi myr.

Men – det går an å restaurere våtmark – og få den til å bli frisk att. Det vil FN og Miljødirektoratet at vi skal gjere. Dei har dette som særleg satsing dette tiåret. Direktoratet finansierer restaureringa.

Les meir: Restaurering av våtmark | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)

Å restaurere våtmark snakkar vi om i denne utgaven av podkasten «For folk og natur».

Med i podkasten er Pernille Stordal Rønning og Solveig Silset Berg, rådgivarar i miljøvernavdelinga til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Lars Levende Jacobsen har ansvaret for lyden, og Lena Skattum Sandvik er produsent og programleiar.   

Denne episoden vart publisert 22.06.2023.

For folk og natur

Les meir om podkasten «For folk og natur» her …

Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.