Vinnar av Omsorgsprisen 2018

.
.

Omsorgsprisen 2018 vart i ettermiddag delt ut til prosjektet Palliativ Plan i Møre og Romsdal. Dette er eit prosjekt der alle kommunane i Møre og Romsdal deltek. Prisen blei delt ut av fylkesmann Lodve Solholm.

Prisen består av eit kunstverk av kunstnaren Gunn Nordheim Morstøl og eit gåvebrev på kr 15.000,-.

Grunngjeving

Årets prisvinnar er eit unikt fellesprosjekt med innføring av felles mal for palliativ plan i alle kommunane og sjukehusa i Møre og Romsdal. Det er eit prosjekt som utpeikar seg og har medverka til større tryggleik for pasient, pårørande og helsepersonell som arbeider med palliasjon. Det handlar om å vere i forkant av ulike utfordringar, medverke til meiningsfylt liv og få fram det som pasienten synes er viktig for seg.

Prosjektet har fått nasjonal merksemd. Det er gjort eit systematisk og godt arbeid med mange bidragsytarar. Planen sikrar at pasienten og pårørande si stemme kjem tydelegare fram. Brukarmedverknad har og vore i fokus i utarbeidinga av felles mal for palliativ plan.

Dette er eit samarbeidsprosjekt som viser kor viktig samhandling og digitalisering er, for å møte dagens og morgondagens innbyggar med trygge tenester. Fylkesmannen har arbeidd med Omsorgsplan frå 2007, først Omsorgsplan 2015, og no Omsorg 2020.

I denne perioden har Fylkesmannen i Møre og Romsdal delt ut omsorgsprisen Tidlegare prisvinnarar er kommunane Ulstein, Sula, Ålesund. Molde, Sande, Herøy, Nesset, Kristiansund, Fræna/ Eide, Ålesund og sist i 2017 Surnadal.

Ordet palliasjon

kan enklast forklarast med lindrande behandling og omsorg. Forsking viser at det å få tilbod om palliasjon tideleg, kan vere med å auke levetid og livskvalitet. Palliativ plan er eit dokument som skal sikre samhandling, planlegging og tilrettelegging av tiltak, slik at den som er sjuk og familien kan oppleve tryggleik og best mogeleg livskvalitet.

Målet er å vere i forkant av ulike utfordringar, bidra til eit meiningsfylt liv og få fram det som pasienten synes er viktig for seg. Planen er felles for pasienten, pårørande og helsepersonell, og blir til gjennom dialog og førebuande samtalar. Den skal følgje pasienten der han/ho er, om det er heime, på institusjon eller på sjukehus. Nokre har planen over fleire år, andre har den i ei kortare periode.

Meir info.