Fylkesmannen gjennomfører tiltak for å redusere intern risiko for koronasmitte

Fylkesmannen har gjort ei intern risikovurdering knytt til faren for smitte av koronavirus og konsekvensar dette har for vår drift.

For å vere føre-var, og bidra til å oppretthalde drift av kritiske samfunnsfunksjonar, er det naudsynt å gjere tiltak for å avgrense smitterisiko for våre tilsette og samvirkeaktørar.

Fylkesmannen avgrensar frå i dag all reiseaktivitet for våre tilsette, og avlyser alle våre planlagde kurs, konferansar og samlingar i tida fram til påske.

Vi vil likevel forsøke å gjennomføre kurs, konferansar og samlingar på alternativ måte, som t.d. webinar/skype og liknande. Sjå vår heimeside for oppdatert informasjon under kurs/konferansar.

Alle møter som kan gjennomførast på skype/video eller liknande skal gjennomførast på denne måten.

Kontaktpersoner