Utviklinga i kommuneøkonomien

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har laga den årlege rapporten om hovudtrekka i utviklinga av kommuneøkonomien i fylket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.07.2015

Rapporten inneheld eit utval av indikatorar som viser den økonomiske situasjonen og utviklinga for kommunane, både enkeltvis og samla.

Tala er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), og i hovudsak databasen Kostra. Kostra står for Kommune-Stat-Rapportering. Kvart år rapporterer kommunane rekneskapstala sine til SSB. Rundt 15. mars vert ureviderte rekneskapstal publisert, og rundt 15. juni vert dei reviderte rekneskapstala publisert. Tala i rapporten byggjer på dei reviderte rekneskapstala.

Kommunane er midt inne i prosessen med kommunereforma. Innan 1. juli i 2016 skal kommunane ha gjort vedtak om framtidas kommunar. Rapporten i år er difor utvida med ein ekstra del om områda i skjeringspunktet mellom kommuneøkonomi og kommunereform.

Rapporten kan vere aktuell lesing for politikarar. Tilsette i administrasjonen i kommunane, forvaltningsorgan på fylkes- og regionalt nivå, innbyggarar i Møre og Romsdal og andre som har interesse for kommunane sin økonomi.

Rapporten ligg i margen til høgre under relaterte dokument.