Glede i Gjemnes - meldt ut av Robek

Gjemnes har gjort ein framifrå jobb med å omstille drifta og betale ned underskotet i rekordfart, heile to år før opprinneleg plan frå 2010.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.06.2015

Gjemnes kommune vart meldt inn i Robek i 2010. Det er difor ei store glede at Gjemnes kommune rapporterar at akkumulert meirforbruk vil bli dekka inn og at dette skjer før den opprinnelege planen. Dette kjem på bagrunn av gode resultat på reikneskapen både i 2013 og 2014.

Ut i frå budsjettdokumentet ser det ut til at kommuna er i ferd med å byggje eit godt styringssystem, både for folkevalgte og administrasjonen. Desse faktorane viser at Gjemnes kommune har snudd utviklinga og no er på riktig veg framover.