Kommunereforma i rute

Innan 1.juli 2016 skal kommunane i Møre og Romsdal ha bestemt seg for korleis dei vil ha det nye kommunekartet.  Storting og regjering har vore tydeleg på at kommunane no sjølv sit i førarsetet for å skape berekraftige kommunar for dei neste 50 åra.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.01.2015

Oversikten Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått inn frå kommunane syner at reforma er i rute. Alle dei 36 kommunane i fylket har gjort vedtak om å gjennomføre prosessen etter LØP 2, d.v.s. å gjere vedtak om  kommunesamanslåiing innan 01.07. 2016. Dei nye kommunane skal vere etablert frå 01.01. 2020.

-Arbeidet er godt i gang i kommunane, og dei tre regionråda i fylket støttar ulike delar av prosessen etter bestilling frå kommunane, seier assisterande fylkesmann Rigmor Brøste. Fylkesmannen har fått i oppdrag å legge til rette for ein god reformprosess, og Brøste er godt nøgd med arbeidet som er gjort av kommunane så langt.

Dermed er Fase 1 med planlegging utført. Fase 2 startar opp no i 2015, og i Fase 3 skal vedtaket om kommunesamanslåing gjerast innan 01.07. 2016.

 -Frå fylkesmannen sin ståstad blir det viktig for kommunane å forankre gode lokale prosessar med brei involvering og god informasjon til innbyggjarane sine. Samstundes må den gode «nabopraten» med aktuelle nabokommunar utviklast og modnast vidare, understrekar Rigmor Brøste.

Fylkesmannen tildeler kr. 200 000,- til 33 av kommunane Møre og Romsdal, og dei tre bykommunane Kristiansund, Molde og Ålesund blir tildelt kr. 500 000,- til arbeidet med kommunereforma. –

Fylkesmannen vil følgje prosessen i den einskilde kommune utover i 2015, og ha tett kontakt med den personen i kommunen som er satt til å leie kommunereformprosessen. Innan 01.07. 2015 skal kommunane gjere ei undervegsrapportering av prosessen så langt.