Fylkesmannen på besøk hos Molde kommune

Fylkesmann Lodve Solholm møtte tysdag formannskapet og den øvste administrative leiinga i Molde kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.03.2013

Besøket var det fyste dialogmøte som Fylkesmannen etter kvart skal ha med alle kommunane i fylket. Til møtet hadde Solholm og hans stab laga eit eige kommunebilete for Molde - eit dokument som syner korleis Fylkesmannen ser kommunen, kva utfordringar kommunen har og med aktuelle tema som Fylkesmannen ønskjer ein dialog med kommunen om.

Ordføraren i Molde hadde valt ut byutvikling, klagesaker, økonomistyring, beredskap og plansamordning som dialogpunkt for møtet.

Fylkesmann Lodve Solholm stod for presentasjonen av embete og svarte på spørsmål frå formannskap og rådmann, medan assisterande fylkesmann Rigmor Brøste, plansamordnar Sveinung Dimmen og konstituert direktør Helge Mogstad gjekk djupare inn på dei enkelte dialogpunkta.

Moldes økonomiske situasjon og dei budsjettutfordringar kommunen står framfor vart eit sentralt tema under møtet, det vart også Fylkesmannens oppgåver som tilsynsmynde. For Solholm var det viktig å få fram at Fylkesmannens rolle like mye er å være medspelar og hjelpar for kommunane som vaktbikkje og kontrollør.

Varaordførar Frøydis Austigard summerte opp besøket frå Fylkesmannen som særs nyttig og lærerikt.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal gjennomføre liknande dialogmøter med alle kommunane i fylket. Neste besøk er Ålesund 13. mai, og så Kristiansund i juni.