Utviding av Durmålhaugen naturreservat

Høringsfrist:
20. mars 2018

Fylkesmannen startar arbeidet med utviding av Durmålhaugen naturreservat i Sunndal og Tingvoll kommunar, noko som vil medføre ca. 3.620 daa nytt verna skogareal.

Publisert 20.02.2018

Framlegget er med i ordninga for frivillig skogvern, og det er grunneigarane sjølv som har tilbydd areala. Durmålhaugen har store naturkvalitetar med m.a. gammal furuskog og raudlisteartar som lever i denne. Det er få inngrep i området.

Dei som har innspel til planarbeidet kan sende dette til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 20.03.2018. Deretter vil eit konkret verneframlegg med verneforskrift og avgrensing bli sendt på høyring i ca. 2 månader. Vernevedtak er forventa i løpet av hausten 2018.

Høringsfrist:
20. mars 2018