Søknad om mellombels løyve for utslepp av prosessvatn ved driving av ny tunnel for Driva Kraftverk

Høringsfrist:
19. januar 2018 23.00

TrønderEnergi Kraft AS søkjer om mellombels løyve etter forureiningslova til utslepp av prosessvatn under driving av ein ny tunnel (tverrslag) knytt til Driva Kraftverk i Sunndal kommune.

Publisert 15.12.2017

Arbeidet er planlagt utført i 2018. Arbeidet omfattar dirivng av ny tunnel til sandfang.

Prosessvatnet vil innehalde boreslam, noko nitrogen frå sprengstoff, og eventuelt noko olje. Det vil i tillegg nyttast sprøytebetong som kan danne ammoniakk i prosessvatnet.

Prosessvatnet skal reinsast i sandfang og oljeutskiljar før utslepp til Litlfalbekken, som renn ut i Driva.

Søknadsdokumenta kan lesast via lenkja til høgre på denne sida. Dei er og lagt ut på Rådhuset i Sunndal kommune.

Vi ber om at merknadar blir sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, innan 19.01.2018.

Høringsfrist:
19. januar 2018 23.00

Dokumenter