Motsegn, mekling og klage

Statlege og regionale organ kan fremje motsegn (innsigelse) mot kommunale planar som er i strid med nasjonale eller regionale interesser. Fylkesmannen grip inn i kommunal arealforvaltning ved å varsle eller fremje motsegn, og ved å klage på vedtak i dispensasjonssaker.

Motsegn
Kommunen har ansvar for at nasjonale og regionale interesser blir tatt omsyn til i planlegginga. Statlege og regionale organ skal medverke i planarbeidet slik at desse interessene vert innarbeidd i planane. Reglane om motsegn skal sikre at kommunane ikkje vedtar planar i strid med nasjonal eller regional politikk.

Når det ligg føre ei motsegn til eit planforslag kan ikkje kommunen vedta planen. Saka kan gå vidare, anten ved at kommunene endrer planen, det vert gjennomført mekling eller at planen går direkte til avgjerd i Miljøverndepartementet.

Dersom kommunen tek motsegna til følgje og endrer planen må dei sende det reviderte planutkastet til etaten som har fremja motsegna. Motsegna skal vere trekt formelt (skriftleg) før kommunen kan vedta (eigengodkjenne) planen.

Du kan lese meir om motsegn (innsigelse) på Miljøverndepartementet sine sider planlegging.no.

Mekling
Dersom planen går til mekling og ein ikkje kjem fram til ei løysing, vil saka gå til avgjerd i Miljøverndepartementet.

Klage
Fylkesmannen kan påklage enkeltvedtak etter plan- og bygningslova. Klageretten gjeld ikkje i plansaker der Fylkesmannen kunne ha fremja motsegn, til dømes eit kommunalt vedtak om godkjenning av ein reguleringsplan.