Regionalt miljøprogram

Jordbrukslandskap på Byrkjelo, Gloppen kommune
Jordbrukslandskap på Byrkjelo, Gloppen kommune (Foto: Fylkesmannen)

Dei regionale miljøtilskota er hovudverkemiddelet i regionalt miljøprogram, og informasjon om desse tilskota finn du samla på denne temasida.

Fylkesmannen har samla det sentrale av informasjon og søknadsmateriale om regionale miljøtilskot i temaboksane til høgre, medan omtale av tilskotsordningane og nyhende vert presentert under. Søknadsfristen for regionale miljøtilskot er 15.oktober. For beitelag gjeld eigen søknadsfrist; 15.november.

Regionalt miljøprogram er eit strategiprogram for kulturlandskap, biologisk mangfald, klima og ureining knytt til jordbruket. Programmet, inkludert tilskotsordningane, er fastsett av Fylkesmannen i samråd med Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget. Dei regionale miljøtilskota er til liks med produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til jordbruksføretak i drift som oppfyller visse vilkår. Alle føretak som kan søke produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksdrift i Hordaland eller Sogn og Fjordane og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søke om regionale miljøtilskot.

Omtale av regionale miljøtilskot for Hordaland og Sogn og Fjordane 2019: