Nytt tilskot til sau på utmarksbeite

Bildet viser sauer på beite
Sauer på beite. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Beiting med sau på høgareliggande utmarksbeite vert no premiert med eit nytt tilskot gjennom Regionale miljøtilskot i jordbruket i Vestland (RMP). Det vert og innført nye tilskot innan ammegeit-, potet- og grønsaksproduksjon.

Publisert 05.07.2023

Klimavenleg beiting i utmarka

Sauen si beiting i utmarka er viktig for å oppretthalde ope landskap og opne stiar, og beitinga er positiv for det biologiske mangfaldet. Beiting i utmark er og klimavenleg ved at den produserer mat på areal som elles ikkje kunne vore nytta til matproduksjon, i tillegg til at beiting over tregrensa vil auke albedo-effekten (reflektering av sollyset) og såleis bidra til mindre oppvarming. Dei høgareliggande beita er dei mest verdifulle utmarksbeita med omsyn til beitekvalitet, dyrevelferd og klimavenleg beiting.

Det nye utmarksbeitetilskotet gjeld sau over eitt år som beiter minst 5 veker på utmarksbeite, der hovudbeiteområdet for sauen ligg minst 600 meter over havet. Vidare må føretaket vere medlem i eit beitelag for å kunne søke. Tiltaket er avgrensa til 100 sauer per føretak, og førebels sats er sett til kr 25 per sau. I søknadsskjemaet heiter tiltaket Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark.

Sauen er den viktigaste landskapspleiaren i utmarka grunna fôrval, beitemønster, utbreiing, omfang og med liten fare for trakk-skadar. Utmarksbeite er den tradisjonelle driftsforma for sau sommarstid i Vestland. Tal sau i utmark går diverre nedover, men eit nytt tilskot kan vere eit av fleire grep for å snu denne utviklinga.

Skjøtselsbeiting med ammegeit og kje skal hindra attgroing av innmarka

Gjennom Regionale miljøtilskot vert det og innført nytt tilskot for styrt skjøtselsbeiting av ugjødsla innmarksbeite som har vore ekstensivt drive eller som har vore ute av drift. Tiltaket gjeld ammegeit, kje, bukkar og kastrererte bukkar som beiter minst 5 veker på inngjerda/avgrensa innmarksbeite som ikkje vert slått, beitepussa eller gjødsla. Skjøtselsbeitinga skal gjennomførast med høveleg beitetrykk utan støttefôring, og beitinga skal vere styrt. Det vil sei at dyra skal gjere ein reell ryddejobb i beitet, og dyra skal vere avgrensa av gjerde (nettinggjerde, mobilt eller permanent elektrisk gjerde, eller virtuelt gjerde som til dømes Nofence) og/eller terrenget.

Tiltaket skal medverke til å hindre at innmarksbeite gror til og blir til skog, slik at ein opprettheld dyrka mark, ope landskap, matproduserande areal og biologisk mangfald. Førebels tilskots-sats er sett til 350 kr/dyr. I søknadsskjemaet heiter tiltaket Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i innmark.

Nye tiltak innan potet- og grønsaksproduksjon

Det vert og innført nye tilskot innan potet- og grønsaksproduksjon. Dette gjeld fangvekstar sådd straks etter hausting av tidlegkulturar av potet, rotvekstar og grønsaker. Fangvekstar reduserer jorderosjon og tap av næringsstoff. Dei aukar det organiske innhaldet i jorda, bind karbon og er dermed òg eit klimatiltak. Det vert og innført nytt tilskot til bekjemping av ugras (mekanisk eller flamming) i radkulturar. Målet med tiltaket er å stimulere til nedkjemping av ugras utan bruk av kjemikaliar.

Ny programperiode

2023 til 2026 er ny programperiode for Regionale miljøtilskot i jordbruket (RMP). I Vestland vert alle tiltaka frå sist programperiode vidareført, men nokre av tiltaka er endra. I tillegg vert det altså og innført 4 nye tiltak som omtala over. Tiltaka er fastsett av Statsforvaltaren i Vestland etter tett dialog med Vestland Bondelag, Hordaland Bonde- og småbrukarlag og Sogn og Fjordane Bonde- og småbrukarlag.

Les meir om RMP, dei nye tiltaka, endringane, resten av tiltaka og søknadsinformasjon på Statsforvaltaren si eiga temaside for RMP.

Søknadsfristen er 15.10.2023.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.