Søknadsinformasjon for RMP

     

Publisert 19.06.2020, Sist endra 30.08.2023

Kva er regionalt miljøprogram
Kva er regionalt miljøtilskot
Kven kan søkje?
Korleis søkje?
Søknadsinformasjon
Kart og areaopplysningar til søknaden

Kva er regionalt miljøprogram?

Regionalt miljøprogram for Vestland er eit strategiprogram fastsett av Statsforvaltaren i samråd med bondelaget og bonde- og småbrukarlaget. Programmet skal stimulere til å oppretthalde og utvikle eit ope og variert kulturlandskap. Særskilte verdiar i kulturlandskapet skal takast vare på og skjøttast, god agronomi skal fremjast, og ureining og tap av næringsstoff frå jordbruket skal reduserast. I miljøprogrammet er det definert fylgjande delmål:

  1. Eit ope og velstelt kulturlandskap
  2. Bratt jordbruksareal i aktiv drift
  3. God utnytting av utmarksbeite og aktiv stølsdrift
  4. Utvalde biologiske og kulturhistoriske verdiar i landskapet blir teke vare på og skjøtta
  5. Landbruket er klimavenleg og har lite tap av næringsstoff og klimagassar til luft
  6. Eit landbruk som er tilpassa eit endra klima
    Minst mogleg tap av næringsstoff frå landbruket til vassdrag

Dei regionale miljøtilskota er hovudvirkemidla i miljøprogrammet for å nå delmåla definert over, og dei er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak med landbruksproduksjon som oppfyller visse vilkår.

Kva er regionale miljøtilskot?

Som ein del av regionalt miljøprogram kan bønder i Vestland søke om regionale miljøtilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, skjøtsel av biologisk mangfald og kulturminne, miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel,klimarådgjeving og potet- og grønsaksproduksjon. Beitelag kan søke om tilskot til drift av beitelag. Tilskota skal stimulere til miljøvennlege driftsformer og produksjon av miljøgode for samfunnet. Dei er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak med landbruksproduksjon som oppfyller visse vilkår. Omtale av dei regionale miljøtilskota i Vestland finn du her.

Kven kan søke?

Alle føretak som kan søke produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksproduksjon i Vestland og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søke. Føretak som er registrerte i andre fylke kan såleis søke om tilskot, dersom dei driv areal eller har dyr på beite i Vestland. Beitelag som er registrerte i Einingsregisteret, og som oppfyller vilkåra som vert stilte i forskrifta, kan søke om tilskot til drift av beitelag.

Korleis søke?

Søknaden kan leverast elektronisk via Altinn på Vestland sitt søknadsskjema innan 15. oktober. Beitelag har eigen søknadsfrist 15. november. Søknaden kan tidlegast leverast når søknadsportalen opnar 15.september. Det er kommunane som handsamar og godkjenner søknadane. Søkarar som av ulike grunnar ikkje kan levere søknaden elektronisk, kan levere papirsøknad til kommunen, men beitelaga må søke elektronisk. Dersom ein har spørsmål eller ynskjer rettleiing i samband med søknaden, kan ein kontakte kommunen.

Dersom søkar står fast, kan han nytta kommentarfeltet. Det er viktig at søkar i søknaden får formidla kva han ynskjer å søke på. NB! Alt som kjem fram av søknaden/innsendt materiale som td e-postar skal vektleggast av sakshandsamar, sjølv om sjølve utfyllinga av søknadsskjemaet framstår som feilaktig og/eller mangelfull.

Søknadsinformasjon

  • NB! Video om korleis ein søker elektronisk ligg i høgremargen på nettsida om regionalt miljøprogram (www.statsforvalteren.no/vl/rmp) i boksen «Søknad». Videoen viser trinn for trinn korleis ein skal søke. Det vil vere nyttig å sjå videoen før ein søker, eventuelt parallelt med at ein søker, dersom ein har tilgang til to skjermar.

  • Søknadsskjema (elektronisk og papir), rettleiing for utfylling av elektronisk søknad og anna søknadsinformasjon ligg samla på temasida for RMP. Omtalen av dei einskilde tiltaka ligg i hovudfeltet. I høgremargen finn ein temaboksar med generell søknadsinformasjon, video om korleis ein søker, og lenke til søknadsskjema (temaboksane ligg nedst på temasida ved visning på mobil).

  • For å kome inn i søknadsskjemaet må ein velje fylke. Fylke kan derimot berre veljast første gongen ein opnar søknadsskjemaet. NB! Dersom ein går inn i søknadsskjemaet fleire gonger, må ein såleis scrolle litt nedover og velje «rediger i søknad» for å kome inn att i søknaden.

  • NB! Nytt frå 2023 er at søknader som er innsendt innan fristen 15.oktober kan gjenopnast og endrast fram til 29.oktober utan trekk i tilskot. NB! Kvar gong ein opnar søknaden trekker ein søknaden tilbake (status «Ikkje levert søknad»). Kvar gong ein har vore inne i søknaden må ein såleis avslutte med å trykke «Send inn», elles vert ikkje søknaden levert. Beitelagssøknader kan derimot ikkje endrast etter søknadsfristen utan trekk i tilskot. Dersom beitelag gjer endringar i søknaden etter søknadsfristen, vert det trekt kr 1000 per dag for for seint levert søknad.

  • Dersom kommunen startar å handsame ein søknad før 29.oktober, vil ikkje søkar kunne gjenopne søknaden og redigere i den. For at søkar då skal kunne redigere i søknaden må han kontakta kommunen som må gjenopne søknaden for søkar.

  • Søknader som vert leverte (førstegongs-levering) etter søknadsfristen får eit trekk på kr 1000 per dag i inntil 14 dagar. Ein søknad vert avvist dersom den vert sendt inn seinare enn 14 dagar etter fristen.

  • Dersom nokon ynskjer å søke seinare enn 14 dagar etter søknadsfristen, må søknad om dispensasjon frå søknadsfristen først innvilgast av Statsforvaltaren før søkar i det heile kan søke om regionale miljøtilskot. Søknad om dispensasjon for søknadsfristen vert praktisert strengt jf nasjonale føringar.

  • Teljedato for opplysningar om areal og dyretal er 1. oktober i søknadsåret, og søknadsfristen er 15. oktober. Beitelaga har eigen søknadsfrist 15.november.

  • Eit føretak kan søke om tilskot for all landbruksdrift som føretaket driv, både på eige og leigt areal, til liks med søknad om nasjonale produksjonstilskot

  • Bruk som inngår i samdrift kan søke tilskot kvar for seg eller samla etter same retningslinjer og praktisering som for nasjonale produksjonstilskot, men det må gjerast på same måte for regionale miljøtilskot som for produksjonstilskot

  • Føretak som utfører miljøtiltak i ein annan kommune enn heimkommunen, skal levere søknaden til den kommunen der dei har driftssenteret. Føretak som utfører miljøtiltak i eit anna fylke, skal levere søknaden for det aktuelle tiltaket til den kommunen der tiltaket er utført.

  • Det er ein føresetnad at føretaket oppfyller krava til gjødslingsplan og plantevernjournal for å kunne søke om tilskot frå regionale miljøtilskot. Unntak: kravet gjeld ikkje for beitelag.

  • Tilskot for beitedyr og tilskot for skjøtsel av eit areal, skal søkast på av det føretaket som disponerer og søker nasjonale produksjonstilskot for beitedyra eller det aktuelle arealet

  • Element i kulturlandskapet, som til dømes styvingstre, skal søkast på av den som disponerer og søker nasjonale produksjonstilskot for arealet trea står på

  • Kommunen skal utføre risikobasert kontroll etter same retningslinjer som for nasjonale produksjonstilskot

  • Alle tilskotssatsane for dei regionale miljøtilskota er førebelse. Endelege tilskotssatsar vert sett på grunnlag av søknadsmengda.

  • Tilskotet kan avkortast dersom føretaket aktlaust eller med forsett driv i strid med anna regelverk for jordbruksverksemd, ved manglande/mangelfull gjødslingsplan og plantevernjournal, eller viss føretaket har gitt feile opplysningar i søknaden som ville ha danna grunnlag for urettmessig utbetaling av tilskot

  • Søkarar kan klage på vedtaket innan tre veker frå den dagen dei mottek vedtaksbrevet i Altinn. Kommunane handsamar søknadane, og Statsforvaltaren er klageinstans.

  • Søkarar kan i særlege tilfelle søke om dispensasjon. Ein dispensasjonssøknad skal stilast til Statsforvaltaren, men sendast kommunen for uttale før oversending til handsaming hjå Statsforvaltaren.

  • Tilskot vert utbetalt til den einskilde søkar frå Landbruksdirektoratet i mars 2024

  • For hjelp og rettleiing; kontakt kommunen i god tid før søknadsfristen


Elektronisk søknad

  • Frå og med 2020 vil registreringar og kartteikningar frå førre søknadsomgang ligge klare i elektronisk søknad. Ein får då første gongen ein er inne i kartet, spørsmål om å importere inn tiltaka som kommunen godkjente ved førre søknadsomgang. NB! På grunn av omlegging i nasjonal meny er det i 2023 nokre tiltak som diverre ikkje kan importerast til søknaden. Dette gjeld fylgjande tiltak: soner for pollinerende insekt, spreiing av all husdyrgjødsel om våren/vekstsesong, nedlegging av husdyrgjødsel, nedfelling av husdyrgjødsel og spreiing av husdyrgjødsel med tilførselslange. Dersom det er kartteikningar som ikkje let seg importere frå tidlegare søknad, vil søkar få opplysning om at det er kartteikningar som ikkje let seg importere frå det han prøver å importere frå.

  • Tiltak i felles utmark kan diverre ikkje teiknast på kart i elektronisk søknad. Ved søknad om nye tiltak i felles utmark må såleis søkar teikne dette tiltaket på papirkart og levere til kommunen som legg det inn i elektronisk søknad. Tiltak i felles utmark som er lagt inn i elektronisk søknad kan, som for andre tiltak, importerast ved seinare søknadsomgangar.

  • Mobilnummer eller e-postadresse skal fyllast inn slik at ein får varsel når tilskotbrevet om utbetaling er sendt til meldingsboksen i Altinn

  • Tiltak som vert henta frå kart vert lista opp i søknadsskjemaet summert per tiltak og ikkje per eigedom

  • Ein vert ikkje logga ut av Altinn så lenge ein jobbar i kartet. Dersom ein verken er aktiv i kartet eller søknadsskjemaet, vil ein etter 30 minutt derimot automatisk bli logga ut.

  • NB! Ved å trykke på «Fjern alle tiltak-knappen» vert alle tiltak som er teikna i kartet sletta


Papirsøknad

Dei som ynskjer å søke på papir kan kontakte kommunen for søknadsskjema eller skrive søknadsskjemaet ut frå temasida. I papirsøknaden skal ein fylle ut dei relevante kvite felta og legge ved kartvedlegg. Kart for eigen eigedom kan ein få hjå kommunen eller finne på www.gardskart.nibio.no

Kart og arealopplysningar til søknaden

Alle tiltak som det vert søkt regionale miljøtilskot for skal kartfestast. Frå og med søknadsomgangen 2020 treng ikkje tiltak som er kartfesta i tidlegare søknadsomgang å kartfestast på nytt, kun importerast i elektronisk søknad, med mindre det er endringar i drifta. NB! På grunn av omlegging i nasjonal meny er det i 2023 nokre tiltak som diverre ikkje kan importerast til søknaden. Dette gjeld fylgjande tiltak: soner for pollinerende insekt, spredning av all husdyrgjødsel om våren/vekstsesong, nedlegging av husdyrgjødsel, nedfelling av husdyrgjødsel og spreiing av husdyrgjødsel med tilførselslange. Dersom det er kartteikningar som ikkje let seg importere frå tidlegare søknad, vil søkar få opplysning om at det er kartteikningar som ikkje let seg importere frå det han prøver å importere frå.

I den elektroniske søknaden markerer ein tiltaka i kartet, og på bakgrunn av markeringa i kartet vert søknadstal lagt inn i søknaden. Det søketalet som automatisk kjem opp kan ein overstyre manuelt med å endre tala etterpå. Det er svært viktig at ein sjekkar at dei tala som kjem opp automatisk stemmer med dei tala ein faktisk ynsker å leggje inn, og at ein eventuelt endrar det dersom der er avvik. Dersom ein ikkje får til å nytte funksjonane i søknadsskjemaet eller å endre søknadstala, kan ein i merknadsfeltet i søknaden skrive kva ein ynskjer å søke om tilskot for.

Kartfesting i søknaden for regionale miljøtilskot kan skje på fylgjande måtar:

  • Elektronisk søknad: digital kartfesting direkte i søknadsportalen ved bruk av kartverktøyet som ligg der
  • Papirsøknad: papirkart med innteikningar levert til kommunen saman med søknadsskjema

NB! Tiltak i felles utmark kan diverre ikkje teiknast på kart i elektronisk søknad. Ved søknad om nye tiltak i felles utmark må såleis søkar teikne dette tiltaket på papirkart og levere til kommunen som legg det inn i elektronisk søknad. Tiltak i felles utmark som er lagt inn i elektronisk søknad kan, som for alle tiltak, importerast ved seinare søknadsomgangar.

Ein kan be kommunen om hjelp til å finne kart og til å kartfeste, men det er då viktig å kontakte kommunen i god tid før søknadsfristen.

Dersom ein ynskjer å finne arealopplysningar sjølv, er det to mogelege kjelder:

  1. Gardskart er tilgjengeleg på heimesida til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på www.gardskart.nibio.no (sjå enkel rettleiing under)
  2. Økonomisk kartverk finst digitalt og i papirutgåve. Økonomisk kartverk kan skaffast frå kommunen eller frå Fylkesatlas på www.fylkesatlas.no

Enkel rettleiing for bruk av Gardskart:

  • Gå inn på www.gardskart.nibio.no
  • Skriv kommunenamn og gards- og bruksnummer
  • Trykk på: Søk i gårdskart
  • Ein kan velje arealfordeling i mange hovudklassar, men det er i hovudsak berre fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite som er aktuelle for regionale miljøtilskot (resten av klassane gjeld skog og utmark)

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.