Regionalt miljøprogram

Jordbrukslandskap på Byrkjelo, Gloppen kommune
Jordbrukslandskap på Byrkjelo, Gloppen kommune (Foto: Fylkesmannen)

Dei regionale miljøtilskota er hovudverkemiddelet i regionalt miljøprogram, og informasjon om desse tilskota finn du samla på denne temasida. Temasida er oppdatert for søknadsomgangen 2020 med unntak av lenker som startar med "2019".

Fylkesmannen har samla søknadsinformasjon og lenke til elektronisk søknadsskjema for regionale miljøtilskot i temaboksane til høgre, medan omtale av tilskotsordningane og nyhende vert presentert under. Søknadsportalen opnar 15. september, og søknadsfristen er 15. oktober. For beitelag gjeld eigen søknadsfrist; 15. november.

Regionalt miljøprogram er eit strategiprogram for kulturlandskap, biologisk mangfald, klima og ureining knytt til jordbruket. Programmet, inkludert tilskotsordningane, er fastsett av Fylkesmannen i samråd med Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget. Dei regionale miljøtilskota er til liks med produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til jordbruksføretak i drift som oppfyller visse vilkår. Alle føretak som kan søke produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksdrift i Vestland og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søke om regionale miljøtilskot.

Omtale av regionale miljøtilskot for Vestland: