Regionalt miljøprogram

Jordbrukslandskap på Byrkjelo, Gloppen kommune
Jordbrukslandskap på Byrkjelo, Gloppen kommune (Foto: Fylkesmannen)

Dei regionale miljøtilskota er hovudverkemiddelet i regionalt miljøprogram, og informasjon om desse tilskota finn du samla på denne temasida. Temasida er under kontinuerleg oppdatering, og den skal vere fullt oppdatert for søknadsomgangen 2020 innan 1. juli. NB! Oppdaterte lenker (med atterhald om eventuelle nasjonale føringar våren 2020) startar med «2020», dei andre lenkene er ikkje oppdaterte sidan søknadsomgangen 2019.

Fylkesmannen har samla det sentrale av informasjon og søknadsmateriale om regionale miljøtilskot i temaboksane til høgre, medan omtale av tilskotsordningane og nyhende vert presentert under. Søknadsfristen for regionale miljøtilskot er 15.oktober. For beitelag gjeld eigen søknadsfrist; 15.november.

Regionalt miljøprogram er eit strategiprogram for kulturlandskap, biologisk mangfald, klima og ureining knytt til jordbruket. Programmet, inkludert tilskotsordningane, er fastsett av Fylkesmannen i samråd med Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget. Dei regionale miljøtilskota er til liks med produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til jordbruksføretak i drift som oppfyller visse vilkår. Alle føretak som kan søke produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksdrift i Vestland og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søke om regionale miljøtilskot.

Omtale av regionale miljøtilskot for Vestland 2020 (oppdaterte lenkjer startar med 2020):