Tid for planvask i kommunane

Hillevåg i Stavanger - stort utbyggingspotensial i byggesonen. Foto: Anfinn Rosnes

Vi går nå inn i ein periode der kommunane skal lage planstrategi for ny kommunestyreperiode, og mange nyvalde politikarar skal ta stilling til utvikling av kommunen. Då bør omgrepet planvask vere eit kjend omgrep.

Publisert 27.02.2024

Med planvask er meint at kommunen må gå gjennom eksisterande planar og vurdere om det er areal som kan tilbakeførast frå byggeføremål til LNF-føremål. Ny nasjonal jordvernstrategi utfordrar kommunane til å redusere tap av dyrka jord. Og det er også kome fram ny dokumentasjon på at tap av natur er alvorleg, m.a. i fersk rapport frå naturrisikoutvalget.

Nytt jordvernbrev frå regjeringa

Kommunane har nyleg fått eit nytt jordvernbrev, der alle folkevalde blir minna om det ansvaret kommunane har for å sikre areal for framtidig matproduksjon. Statsforvalteren har gjennom vårt oppdrag ei viktig oppgåve i å formidle ny nasjonal strategi for jordvern. Rogaland fylkeskommune har i 2023 revidert Regional jordvernstrategi som ei oppfølging av ny nasjonal jordvernstrategi, og har justert mål om maksimalt omdsponering av jordbruksareal frå 400 til 200 dekar i året. 

Vi vil krevje arealrekneskap

I dialog med kommunane om ny kommuneplan vil vi krevje arealrekneskap. Rogaland fylkeskommune har utvikla eit areal- og naturrekneskap for kommunane, noko som vil vere til stor nytte i denne dialogen. Her kjem det m.a. fram at det er om lag 113 000 dekar i arealreserve til saman i Rogaland, areal som er godkjent til byggeføremål men ikkje er utbygd. Av dette er om lag 23 000 dekar dyrka jord. Mykje av denne dyrka jorda er framleis ikkje regulert, og dermed ikkje registrert som omdisponert. 

Vi vil utfordre kommunane til å legge fram eige arealrekneskap i arbeidet med planstrategi, og i vidare arbeid med planprogram for eventuell revisjon av kommuneplan. Kommunar med store arealreservar må vurdere planvask. Her var Haugesund kommune eit godt eksempel i 2023, som vinnar av Nasjonal jordvernpris. Jordvern vil stå sentralt i dette arbeidet, samstundes veit vi at vi står føre større infrastrukturtiltak som vil bli krevjande både ut frå jord- og naturvern. Då blir det ekstra viktig med planvask for å ta ut område som ikkje er aktuelle for utbygging. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar