Vi gratulerer Haugesund kommune med Nasjonal jordvernpris 2023

Haugesund kommune for Jordvernprisen 2023
Bent Høie gratulerer kommunen med jordvernprisen Foto: Anfinn Rosnes.

Haugesund kommune blei 21.08.2023 tildelt Nasjonal jordvernpris 2023. Markeringa skjedde på Fagerheim, eit område der kommunen har oppheva områdeplanen for å behalde arealet som jordbruksjord. Kommunen fekk prisen frå statsråd Geir Pollestad, som gav ros til kommunen for å gå føre med eit godt eksempel. 

Publisert 22.08.2023

Tilbakeføring av arealet ved Fagerheim er gjort i form av oppheving av områdeplan. Det var Statsforvalteren i Rogaland som fremja Haugesund kommune som kandidat for jordvernprisen, og vi er stolte av at vår grunngjeving vann fram i juryen. Meir informasjon om prisutdelinga finn du på Landbruks- og matdepartementet si nettside.

Fleire gratulasjonar

Fylkesordførar Marianne Chesak gratulerte kommunen, og framheva kor viktig jordvern og matforsyning er i ei uroleg verd. Ho viste også til nyleg revidert Regional jordvernstrategi, med mål med maksimalt 200 dekar dyrka jord i året til utbygging. Statsforvaltar Bent Høie peika på at areala ved Fagerheim er viktige for ein kommune med berre 2000 dekar fulldyrka jord totalt, m.a. for å oppretthalde eit aktivt landbruk i kommunen. Det å tenke utbygging med fokus på sentrumsutvikling er godt jordvern, og eit aktivt bynært jordbruk er også ein viktig del av byen sitt grøntområde, sa Bent Høie.

Eit godt eksempel for andre kommunar

Haugesund kommune har vist at det er mogleg å endre planar som er godkjende i ei anna tid, noko som også kjem fram av ny kommuneplan som no er på høyring. Nye nasjonale og regionale føringar m.a. når det gjeld jordvern, klima og natur gjer at fleire kommunar må vurdere kva utbyggingsareal som kan takast ut ved neste planrevisjon. Statsforvalteren vil her utfordre kommunane i dialogen i samband med planprosessar.

 

 

 

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.