Det vert fagdagar for lokalmatprodusentar i mars!

Foto: Andreas Buarø.

No er det endeleg duka for fagsamling om lokalmat igjen. Er du lokalmatprodusent eller tilbyder av lokalmat så sett av datoane 14. og 15. mars, for det er då det skjer! Obs: Ny frist for påmelding 6.mars!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.02.2023, Sist endra 28.02.2023

MR-mat arrangerast i samarbeid med kompetansenettverket for lokalmat - Matnavet Mære. Tradisjonen tru vekslar gjennomføringsstaden frå sør til nord i fylket for å sikre geografisk spreiing. I 2023 er det Stranda som er staden!

Fagdagane går over to dagar og er delt i to delar. Ein konferanse med tema berekraft og utvikling, og ein fagspesifikk del med kurs innanfor ulike handverk: baking, kjøttnedskjæring, fermentering, ysting og eit kurs til deg som driv serveringsverksemd basert på lokale råvarer!  Ein kan velje å vere med på konferanse, fagkurs eller begge. 

Meir om både program og enkeltkurs finn du her 

 

Kontaktpersonar