Landbruksbaserte næringar

Fylkesmannen skal leggje til rette for næringsutvikling og innovasjon i samarbeid med andre regionale og lokale aktørar. Regionale og lokale fortrinn og moglegheiter skal vernast og utviklast, slik at vi sikrar det økonomiske grunnlaget for framtida. Fylkesmannen skal også medverke til å skape eit godt samspel mellom landbruket og andre sektorar. 

Planar og tiltak skal medverke til utvikling av landbruket

Samarbeid om fylkesplanar, næringsplanar, Inn på tunet-tiltak, reiselivsplanar, utvikling av matproduksjonen, skogbruksplanar og bioenergiprogram står sentralt i dette arbeidet. Fylkesmannen har ansvar for å utarbeide og gjennomføre regional næringsstrategi for landbruket.

Midler til utrednings- og tilretteleggingstiltak i landbruket

Fylkesmannen forvaltar midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak (UT-midlar). Aktuelle søkjarar er organisasjonar, selskap og kommunar som skal utgreie eller leggje til rette for næringsutvikling. Tilskotet skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, og utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Tiltak som gjeld utvikling av økologisk landbruk, kan også få tilskot av UT-midlane.

Fylkesmannen har også ei pådrivarrolle knytt til Innovasjon Noregs utviklingsprogram for lokalmat. Utviklingsprogrammet har økonomiske  verkemiddel innan  områda vekstbedrift, bedriftsnettverk, kompetanse og omdømmebygging.

Innovasjon Noreg forvaltar bedriftsretta midlar til investering og bedriftsutvikling (IBU-midlar). Fylkeskommunen har ansvaret for forvaltninga av midlar til rekruttering og kompetanseheving  på landbruks- og matområdet.

Vis meir


21.08.2019

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad til Alnes og Ålesund

Ministeren er invitert på frukostmøte 22.08. med lokal mat, spesielt utvalde kulturlandskap og reiselivsnæring på menyen. Etter det dreg ho til Ålesund og opnar den 35. norske matfestivalen i Ålesund.

08.04.2019

Kreative unge på innovasjonscamp

Stor kreativitet og gode idear kom fram under innovasjonscamp på Landbruksavdelinga første veka i mai 2019. Ei gruppe ungdomar frå Vågsetra skule og ei frå Bergmo skulle løyse ei krevjande oppgåve – planlegge drifta på eit mindre gardsbruk dei skulle overta i Hjørundfjordområdet.

21.03.2019

Det er itj no som kjem tå seg sjølv

Sang prosjektleiar frå Matnavet på Mære, Beth Tronstad da ho saman med Aud Drågen frå Fylkesmannen, ønska velkomen til den 14. MRmat samlinga som i år vart arrangert i Ålesund 19. og 20. mars.

20.03.2019

Støtte til utgreiings- og tilretteleggingstiltak for 2019

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått 3,53 millionar for 2019 til utgreiing- og tilretteleggingstiltak innan landbruksbaserte næringar.

26.10.2018

Kreativitet under innovasjonscamp på Gjermundnes

Elevane på Gjermundnes vidaregåande skole fekk prøve seg på bedriftsutvikling onsdag 24.10.2018. Vinnarlaget hadde ein godt gjennomtenkt og gjennomarbeidd idé, men også andre grupper jobba godt.

08.05.2018

Stor interesse for utgreiingstiltak

Det er stor interesse for gjennomføre utgreiings- og tilreteleggingstiltak i fylket. I 2018 vart det søkt om midlar til gjennomføring av over 20 nye tiltak.

13.02.2018

Fleire enn nokon gong ønskjer å lære meir om lokal mat

Det er over 100 påmeldte til årets MRmat som vert arrangert i Kristiansund 14. og 15. februar 2018. Aldri har så mange vist interesse for arrangementet.

03.11.2017

Matpakka "Nonsmat" vann innovasjonscamp

Lag ei matpakke med mat frå Vestnes og kombiner med lokale aktivitetar! Dette var oppdraget som elevar ved Gjermundnes vidaregåande skule fekk på innovasjonscamp førre veke.

19.10.2017

Melchiorgarden fekk bedriftsutviklingspris

Petter Melchior og Torunn Ljøen frå Melchiorgarden i  Norddal er tildelt Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Møre og Romsdal 2017.  Gjennom tradisjonell geitmjølkproduksjon, kjekjøttforedling, bærforedling og turisme har gardbrukarparet skapt ei robust bedrift som gir eit godt økonomisk resultat.

16.08.2017

Matfestival med økologisk frukost

Også i år vil Den norske matfestivalen i Ålesund arrangere økologisk frukost. Her kan gjestene få kjøpe velsmakande frukost og lære meir om økologisk landbruk.

Fleire nyhende