Lokalmat og reiseliv

Fylkesmannen er pådrivar for verdiskaping og utvikling i matproduksjonen gjennom lokal foredling og omsetting. Matproduksjonen skal sikre ønsket om trygg mat, kvalitet, mangfald og miljøvenleg produksjon. Fylkesmannen forvaltar tilskotsordningar som kan bidra til at fleire matprodusentar foredlar eigne råvarer og tilbyr forbrukarane gode matopplevingar. Midlar til bedriftsutvikling blir forvalta av Innovasjon Norge. 

Næringsutvikling innan matproduksjon er blant anna knytt til lokal matkultur og lokale spesialitetar, turisme og reiseliv, matkvalitet, helse og kompetanse.

Fylkesmannen samarbeider med andre statlege etatar, Innovasjon Noreg, fylkeskommunane, kommunane og ulike organisasjonar i dette utviklingsarbeidet.

Vis meir

Regjeringa sitt mål er at innan 2020 skal 20 prosent av omsett mat i daglegvarehandelen være norske matspesialitetar. Det bør særleg stimulerast til nye produksjonar og aktivitetstilbod som skaper meir etterspørsel etter lokale landbruksprodukt og som tek vare på bygningsmiljø og kulturlandskap.

Fylkesmannen har også ei pådrivarrolle knytt til Innovasjon Norge sitt lokalmatprogram.


20.05.2019

Mat og kultur i det vestnorske fjordlandskapet til Internationale Grüne Woche i Berlin

Fjord Norge-regionen skal delta på Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin januar 2020. 20 verksemder frå regionen vert plukka ut til å delta på messa. Er di verksemd ei av dei?

02.11.2018

Norsk ost markerte seg i oste-VM

På Breivik gård i Fana, utanfor Bergen ligg Ostegården. Der produserer dei ostar og andre handlaga produkt av eiga mjølk og andre lokale råvarer.

02.11.2018

Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris til Gunnar Waagen

Gunnar Waagen vart tildelt Ingrid Espelid Hovigs Matkulturpris for 2018. Utdelinga skjedde i samband med Fagdag for norsk mat og drikke under World Cheese Awards i Bergen. Han fekk prisen for sitt langvarige og allsidige arbeid innan norsk matkultur.

21.12.2017

MRmat har programmet klart

Her kjem den hyggelege julehelsinga for alle interesserte i lokalmat i Møre og Romdal: Programmet for kursdagane MRmat i Kristiansund 14. og 15. februar er klart. Kursa spenner frå fermentering av grønsaker og ysting til korleis bygge bedrift og bli god på nett.

20.12.2017

Til verdens største matmesse

Møre og Romsdal viser veg til gode mat- og naturopplevingar. I alt 5 deltakarar frå Møre og Romsdal reiser til Internationale Grüne Woche i Berlin 2018.

14.12.2017

MR-mat 2018 i Kristiansund

Matnavet på Mære og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, arrangerer fagdager for lokalmatprodusenter og serveringsbedrifter i Kristiansund i februar 2018.

18.08.2017

Lyst å starte som lokalmatprodusent?

Fylkesmannen ønskjer å delta i mobiliseringa av fleire lokalmatprodusentar. Under matfestivalen kan du få inspirasjon til å bli lokalmatgründer, og få rettleiing.

15.03.2017

Tingvollost AS årets bedrift

Tingvollost AS er tildelt Fylkesprisen Årests Bedrift, ein pris som Møre og Romsdal fylkeskommunen deler ut ein gong i året.

15.03.2017

Handlaga Spesialitet frå Nordmøre heidra

Mosbøen gård er tildelt Spesialitet for sitt flatbrød med ramsløk. Tildelinga skjedde under Hoppid-konferansen "Best i verda" i Molde onsdag 15. mars 2017.

02.02.2017

Mat og genuine opplevingar skal gjere Noreg til eit attraktivt reisemål

Jon Georg Dale presenterte den nye reiselivsstrategien "Opplevingar for ein kvar smak", på Regionsamlinga i samband med Grüne Woche i Berlin.

Fleire nyhende