Festdag på Herøy omsorgssenter

Den 24.november inviterte Fylkesmannen til fest hos fylkesvinnar Herøy helse- og omsorgssenter, for å overrekke diplom og premie frå Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.12.2015

Det var ein svært stolt kjøkkensjef Bjørg Warholm som takka for prisen, og ho rosa heile personalet som er med på å skape Gylne måltidsøyeblikk for bebuarane kvar dag.

Jurymedlem og leiar i Ålesund Eldreråd, Randi Havnevik Devold overrekte diplomen, og fortalde korleis juryen opplevde Herøy Helse- og omsorgssenter

landsbasis var det tre kandidatar som skilde seg ut. Av desse var det Døli pleie- og omsorgshjem i Nittedal kommune som stakk av med seieren.