Barnehage

Oppdatert 12.03.2024

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ta vare på barnets behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. 

Barn skal ha det trygt og godt i barnehagen

Alle tilsette i barnehagen har ei plikt til å følgje med på korleis alle barna i barnehagen har det. Barnehagens tilsette skal gripe inn dersom barn blir utsette for krenkingar. Døme på krenkingar er utestenging frå leik, plaging, mobbing, vald eller diskriminering.

Dersom tilsette oppdagar at eit barn ikkje har det bra, må dei melde frå til styraren i barnehagen. I alvorlege tilfelle skal styrar melde frå til barnehageeigar.

Kommunens ansvar

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å tilby nok barnehageplassar. Ut over foreldrebetalinga har kommunen eit ansvar for å finansiere barnehagane, og kommunen gir tilskot til godkjende private barnehagar.

Det er barnehagemyndigheita i den enkelte kommune (bydel i Oslo) som skal sjå til at både kommunale og private barnehagar blir drivne i samsvar med regelverket, og barnehagemyndigheita skal gi rettleiing og føre tilsyn.

Statsforvaltaren rettleiar og fører tilsyn

Statsforvaltaren rettleiar kommunar og barnehagar etter barnehagelova, og fører tilsyn med kommunen (bydel i Oslo) som barnehagemyndigheit etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle føre tilsyn med éin enkelt barnehage.

Statsforvaltaren er klageinstans

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter reglane i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Dersom du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje har gitt deg medhald i klagen din, skal klagen bli send vidare til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Vis meir


Publisert 18.07.2018

Nasjonal bemanningsnorm i barnehagen er vedteken

Stortinget har vedteke ei nasjonal bemanningsnorm for barnehagar.  Norma skal innførast 1. august 2018, men det vert lagt opp til ei overgangsordning fram til 1. august 2019.


Publisert 18.07.2018

Endring i forskrift om pedagogisk bemanning i barnehagen

Frå 1. august 2018 blir pedagognorma i barnehagen skjerpa. Den pedagogiske bemanninga i barnehagen er fastsett i forskrift om pedagogisk bemanning § 1.


Publisert 10.04.2018

Kompetansemidlar til ikkje-kommunale barnehageeigarar

Det nasjonale prøveprosjektet er vidareført, og ikkje-kommunale barnehageeigarar som har barnehagar i meir enn ein kommune kan søke om midlar.  Søknadsfrist er 4. mai 2018.


Publisert 06.02.2018

Vidareutdanning for barnehagelærarar 2018

Søknadsfrist er 1. mars!


Publisert 29.01.2018

Regionale møte med kommunane

Dei årlege regionale møta er under gjennomføring og vi inviterer til dialog om sentrale tema.


Publisert 18.01.2018

Svømming i barnehage 2018

Tilskot til svømming i barnehagar 2018 - søknadsfrist 1. april.


Publisert 10.01.2018

Implementering av ny rammeplan, regionale samlingar

Det blir halde regionale samlingar om implementering av ny rammeplan 13. og 14. februar 2018.


Publisert 19.04.2017

Inkluderande barnehage- og skulemiljø - fylkessamling 31.mai - 1. juni 2017

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til fylkessamling


Publisert 11.01.2017

Tilskot - tiltak for å styrke den norskspråklige utviklinga for minoritetsspråklige barn i barnehage

TIlskot - tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage


Publisert 24.11.2015

Møte om barnehagetilskot - Lysark

Tilskott barnehage

Tysdag 17.11.2015 arrangerte Fylkesmannen informasjonsmøte for kommunar og barnehageeigarar om ny "Forskrift om tildeling av tilskudd til private barnehager".