Oppføring av gardsvindmølle må skje gjennom plan

Time kommune ga dispensasjon for oppføring av ei gardsvindmølle på Bergene. Statsforvaltaren i Rogaland klaga, og Statsforvaltaren i Vestland er settestatsforvaltar i klagesaka. Vi har endra vedtaket og gitt avslag, fordi utbygginga av gardsvindmølla må skje gjennom ein reguleringsplan.

Publisert 15.12.2023

Time kommune gav dispensasjon til tiltaket, og vurderte at vilkåra for å dispensere frå mellom anna LNF-føremålet og plankravet i kommuneplanen, var oppfylte. Kommunen vurderte at vindmølla ikkje vil føre til større ulemper enn det som er tilfellet i dag, fordi det er store industrimøller i nærområdet, og at omsynet til lokal grøn energiproduksjon veg tyngre enn naturverdiane i saka.

Klagaren viser til at gardsvindmølla vil få negative verknader for naturmangfaldet og utsette fugleartar i eit sårbart våtmarksområde, og at ei gardsvindmølle vil føre til markant større ulemper enn det som er tilfellet i dag med eksisterande industrivindmøller.

Vi ser at det generelt kan vere fleire fordelar med gardsvindmøller, mellom anna for å støtte opp under inntektsgrunnlaget for landbruk som ei viktig næring, og mattryggleik. Avgjerande i denne saka er likevel at gardsvindmølla vil ha store negative verknader for utsette fugleartar og naturmangfaldet i området, i form av kollisjonsfare og andre konsekvensar for fuglane og andre artar sin bruk av området. Det er tale om eit sårbart våtmarksområde, der fleire utsette fugleartar hekkar og flyttar seg lokalt. Ei gardsvindmølle i kjernen av dette våtmarksområdet vil innebere eit nytt inngrep for dei aktuelle artane, og vil dermed auke den samla belastinga på området, trass i at det er mange vindmøller i nærleiken.

Dersom det blir laga ein reguleringsplan for gardsvindmøller, vil ein kunne få innspel frå og om langt fleire interesser i det sårbare området. Dette vil gi eit langt betre grunnlag for vurderingar av dei omstridde temaa, mellom anna i kva grad fugle- og dyrelivet kan bli skadelidande gjennom ytterlegare inngrep, og i kva grad storleiken på vindmøller har betyding for skadepotensialet, også sjølv om dei er mykje mindre enn dei store i mølleparken.

Statsforvaltaren tek ikkje endeleg stilling til om denne typen vindmøller kan tillatast eller ikkje. Konklusjonen inneber at når det er dokumentert sårbare miljøinteresser, som i dette tilfellet, så må utbygginga skje i tråd med plan, og ikkje gjennom enkeltståande dispensasjonar. Planprosessen sikrar i langt større grad demokratisk medverknad, og ikkje minst ivaretaking av dei tause, men viktige miljøinteressene.

Statsforvaltaren har derfor gjort om Time kommune sitt vedtak i saka til avslag.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.